

by Steinar Skartland · 24. november 2018
Prisen «Årets Vikebu» gjekk til speidarleiarane i Vikebygd KFUK-KFUM. Prisen vart utdelt på julemessa 24. november.
«I år går prisen til ei gruppe som jobbar og står på, for at ungane våre skal bli glad i naturen, sjølvstendige og ansvarsfulle medmenneske. Dei gir ungane våre opplevingar for livet, leir, fjelltur, bål, kanoturar og naturopplevingar.
Dei skaper vennskap, fellesskap og samhald blant undommane og ungane i bygda. Dei brukar mykje av fritida si på å gi speidarane flotte opplevingar gjennom heile året, og brukar av ferien sin for å reisa på leir år etter år.
Årets Vikebu 2018 går til Speidaleiarane.»
Dette var orda som Aud Jorunn Tordal kunne bruka då ho skulle presentera dei som laget Vikebuen i år hadde tildelt æresprisen: Årets Vikebu. To av dei, Inger Kathrine Sundve og Ola Harald Alne, var til stades i salen og vart kalla opp på scenen for å få prisen overrekt.
Applausen kunne tyda på at dette er velfortente vinnarar av prisen og vi vonar dei vil stå på for dei unge som veks opp i bygda, i mange, mange år. Flott er det å sjå at stadig nye generasjonar går frå å vera speidarar til speidarleiarar.
Dei som i dag står som leiarar av KFUK-KFUM speidarane i Vikebygd er:
Gruppeleiinga:
Arne Tveit (gruppeleiar), Britt Nelly Ness Tveit, Øyvind Valen Else Valen.
Småspeidarane:
Inger Kathrine Sundve (hovudleiar), Ola Harald Alne, Inger Marie Sjo, Alfred Trovåg, Elisabeth W. Julsrud, Helge Nagel-Alne,
Speidartroppen:
Håvard Tveit (Troppsleiar), Johannes Skartland, Iselin Eidhammer Tveit og Sunniva Tveit Gregersen.
Les meir om speidartroppen i Vikebygd her
Les meir om:
Julemessa 2018
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar