Bokbad med sjømannsprest og turstiryddar
Lokale forfattarar.
Dei møtte talrike fram, vikebuane, då våre to lokale forfattarar skulle presentera bøkene sine på bygdahuset i Vikebygd 4. oktober. Rune Birkeland og Roald Årvik var inviterte til å fortelja frå bokprosjekta. «Laget Vikebuen» har berre kvinner som medlemmer, men denne dagen var også menn inviterte. Det var fullt rundt borda i Litlesalen på Bygdahuset då Aud Jorunn Tordal ynskte velkommen og presenterte forfattarane.
Sjømanns- og nordsjøprest med katastrofetrening
Nordsjøprest Rune Birkeland var i teneste på Statfjord A då jordskjelv og tsunami i Indiahavet råka Thailand 26. desember 2004. Nordsjøprestane er øvde i å takla katastrofer og då nyhende spreidde seg om tsunamien i ferielandet kor mange nordmenn plar reisa, var det ein forventa telefon han fekk. På kort varsel vart han sendt med fly for å gjera teneste for sjømannskyrkja i eit land der det meste var øydelagd av bølgja frå havet.
Det var sterke historiar som møtte Rune Birkeland i Thailand. T.d. frå familien som såg den fleire meter høge bølgja koma. Dei hadde ingen stad å klatra opp i det flate landskapet, men berga seg opp på lasteplanet på ein pickup, der dei klamra seg fast. Luft i karosseriet gjorde at den flaut opp til dei kunne finna ein tryggare stad å berga seg til. Ein annan familie berga livet med å klatra opp i eit høgt tre. Seinare vart ei minneplate festa til dette treet.
Rune Birkeland visste ikkje kor lenge denne tenesta skulle vâra. Han hadde retur-billett etter tre veker, men vart her mykje lengre. Fekk ta seg av nordmenn som var råka av katastrofa og ikkje minst dei mange pårørande som kom for å leita etter sine. Men øydeleggingane var store. Han leigde tre rom i Garden Home Hotel i Kata, nær to mil utanfor Phuket by. Her etablerte dei Sjømannskyrkje og kunne tilby ein stille atmosfære eit stykke unna stranda. I eit av romma kunne folk tenna lys og få ei stille stund. Rune og kona Møyfrid fekk vera der til hjelp for mange. Ikkje minst det å kunna lytta til historiane, tilretteleggja minnesamvær og gudstenester. Desse vart haldne ute i hagen utanfor den improviserte sjømannskyrkja. Det var ikkje plass inne. Å tenna ljos vart for mange ei liturgisk handling som alle delok i under gudstenestene.
Fullt i Litlesalen
Dei 70 frammøtte på Bygdahuset satt lyttande til skildringane Rune bar fram og knytte til ljosbilete på veggen. Sjømannskyrkja hadde oppfordra Rune Birkeland om å laga ein rapport frå arbeidet etter katastrofa. Dette munna ut i ei bok som seinare vart gjeven ut. Overskotet frå salet går til eit minnefond som hjelper born i Asia. Også denne kvelden var det stor rift om bøkene og Rune hadde nok for lite med. Han skreiv helsingar og signerte bøker så lenge bunken varte, men måtte notera ned og ettersenda bøker til ein del.
Fotograf og turstiryddaren Roald Årvik
Etter ein pause der Vikebuen selde kaffi og kaker, var det den ferskaste forfattaren i Vikebygd sin tur. Roald Årvik er glad i naturen og har nytta mykje tid både til å gå turar, fotografera og å rydda turstiar som han har merka med heimelaga merkepinnar og skilt. For dette har han både fått kulturprisen til kommune i 2018 og vart i 2014 kåra til Årets Vikebu.
– Eg har minst 25.000 bilete på pc’en, fortalde Roald som hadde kome i tankar og funderingar på kva han skulle gjera med alle desse bileta. Han tok til å redigera eit manus med utvalde bilete, som ein tur eller vandring gjennom bygda. Frå Jøtulsbrutånå i nord, i grensa til Bjoa, og til Svartaløa i sør. Bilete frå fjord og fjell. Bilete av høg kvalitet. – Der det er menneske med på bileta så er dei ikkje det sentrale, fortalde han. Landskapet og naturen, lyset og fargane var det som opptok han. Kontrastane fekk han fram frå skiftingar i årstider, lys og vêr.
Det vart ikkje berre eit enkelt manuskript, men etter kvart ei heil bok. Det siste halvåret har det vore kjent mellom folket i Vikebygd kva prosjektet inneber. Han har vorte invitert til fleire arrangement for å fortelja om boka. Mellom bileta har han også skrive inn historiar knytt
til bileta og opplevingane i naturen.
Om ein månad er boka klar frå trykkeriet og alt har folk tinga 300 eksemplar. Mange via internett. Roald skriv sjølvsagt på nynorsk. Språket som ligg nærast opp til det lokale målføret og dialekten i Vikebygd. For å kvalitetsikra teksten har han alliert seg med sin tidlegare norsklærar frå barneskulen, Gunnar Listog, til å lesa korrektur.
Også denne gongen avslutta han presentasjonen med å lesa høgt frå boka. Ei historie frå kolerakyrkjegarden på Leirhammar. Eit av bileta syner gravminnet i støypejern med namnet: Jomfru Ingeborg Nilsen. Ho som kom tilreisande og vart husjonfru på Plasset i Vikebygd. Korleis var det å vera ung i den tida? Få tilbod fantest og ein måtte tidleg ut i teneste.
Heimar og Folk i Vikebygd
Siste post på programmet i det såkalla «Bokbadet» var at to av medlemmene i den lokale bygdebok-komitéen, Signe Alise Birkeland og Ingrid Mathilde Sørvåg, informerte om dygdeboka som nå går i trykken i to bind. Desse kostar til saman 999 kroner for to bøker. Det er berre sett i produksjon 500 sett. Så her lyt ein vera om seg om ein ynskjer å sikra seg ættesoga for grendene og gardane i Vikebygd. Det er mange som alt har sett seg på liste og ventar spent på at trykksverta skal tørka.
Torsdag 4. oktober 2018: Rune Birkeland fortel om boka si: «Livet etter Sunamien», og Roald Årvik fortel om si nye bok: «Jøtulsbrua til Svartaløa». Vikebuen står som arrangør og møtet er ope for alle, også menn.
Nye kommentarar