

by Guri Ravatn · 7. september 2018
Kurs i Høgtlesing på Vindafjord bibliotek i Ølen 26. september kl 18:00
LESA HØGT FOR ANDRE?
Det knyter set mange gode minne og kjensler til høgtlesing. Dette er ein aktivitet som aldri «går av moten», sjølv i vår digitale tidsalder. Mange finn glede i å lesa høgt for andre og i å bli lest for. Det gjeld ikkje bare barn, men menneske i ulike aldrar og livssituasjonar.
Vindafjord bibliotek ser på høgtlesing som viktig litteraturformidling. Difor arrangerer me kurs for deg som har lyst til å bli inspirert til å lesa høgt for andre. Du treng ikkje vera profesjonell på korkje eine eller andre måten, men finn du glede i – og har lyst til – å lesa for andre, er du velkomen til kurs.
Dette er på Vindafjord bibliotek onsdag 26.09.18, kl. 18 – 20.30.
Kurshaldarar er Ingrid M. Sørvåg og Guri L. Ravatn. Her får du inspirasjon til å bli ein betre formidlar ved å koma saman med andre og læra litt om leseteknikk, val av bøker, ulike arenaer for høgtlesing mm. Og, dersom du etter kurset har lyst til å bruka tid til å lesa høgt for andre, er Frivilligsentralen ein samarbeidspart for oppdrag.
Kurset er gratis. Ta kontakt om du lurer på noko og vær velkomen!
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar