Stemingen St.Hans afta festa til film
Grendautvalet sitt filmprosjekt er i full gong. Sankt Hans afta var filmteamet i aksjon både på Joker-butikken, treningsstudioet, Plassabakeriet og på Bryggjebakken, der bålet vart fyrt opp klokka seks.
Bjørn hadde fyrt opp i bakaromnen ekstra for denne dagen, sjølv om sesongopninga var kunngjort til laurdagen etterpå. Alt han bakte delte Margareth ut gratis til dei som kom til den serveringsstaden denne laurdagen. Og alle snurringane med gul krem i midten, fekk bein å gå på.
Grendeutvalet har danna ei prosjektgruppe som held på å lage reklamefilm frå den vakre bygda vår, fortel Laila Espeland. – Formålet med filmen er å få folk til å komme og busetja seg i Vikebygd.
Prosjektgruppa er: Even Larsen, Roald Årvik, Martin Larsen og Laila Espeland, men det er reklamebyrået Iversen og Skogen som står for ein del av filminga, redigerer innsendte videoklipp og bilete og til slutt ferdigstiller reklamefilmen. Prosjektgruppa oppfordrar folk i Vikebygd til å senda inn gode bilete eller filmsnuttar. Noko kan kanskje brukast i filmen.
Bilete og videosnuttar kan de senda til: prosjekt@vikebygd.no
Spesielt er dei interessert i å få filma eit bryllup i kyrkja.
– Reklamebyrået har svært lyst å fått vist den nydelege kyrkja vår når nokon giftar seg, fortel Laila Øvstedal Espeland. Kanskje nokon kan dele ein privat videosnutt frå eit bryllaup i kyrkja?
Eller vi kan sikkert leggja til:
– Kanskje det er eit par som har lyst å gifta seg i sommar? Så går det an å bli filma.
Travel på Vikebygd Landhandel.
– Det var litt roleg i butikken, og eg var aleine der, fortel Gunn Vikingstad. – Men då kl. nærma seg halv fem strøymde det på så det var ganske travelt. Eg såg eit par karar som gjekk ut og inn i butikken fleire gonger, og telefonen min ringde, men eg hadde ikkje tid til å ta han. Først då dei kom inn tredje gongen så la ho merke til kameraet og forstod at det var filmteamet som heldt på. Flott at det då var så mange kundar, men ho hadde ikkje tid til å visa dei rundt. Skulle gjerne fått vist dei inn i Drøsestova der folk sat og lufta tankar om ymse. Det var kø i kassen. Men filmteamet fekk seg ein tur ned på treningsstudioet i kjellaren.
Klokka fem hadde folket flytta seg ned til Plassabakeriet her krydde det av store og små, og mange «hytte-folk» hadde også lete seg frista av gratis snurringar. Då klokka nærma seg seks, flytta flokken seg vidare. I båthamna var det godt frammøte då bålet som var stabla opp av pallar, vart sett fyr på. Sjølv om det var yr i lufta, så brann det tørre pallebålet betre enn noko tidlegare bål. Det ga varme til dei som heldt seg i nærleiken. Ei stund kunne ein frykta for bjørketrea. Solveig Hortman understreka at ho ikkje var på jobb i brannvesenet denne dagen, men ho kunne kosa seg i lag med familien ved bål og grill.
Under taket på grillhytta, inne ved den store oppmurte grillen, var det tett med folk som ville steikja seg middagsmat. Mange pølser, men også karbonadar og kjøt hamna på grillrista. Vikebuen sine «kiosk-damer» heldt seg under eit stort telt-tak og her fekk kaker, kaffi og brus bein å gå på. Ein retteleg fin laurdagskveld vart det, men bålet brann raskt ned og alt i halv-åtte tida byrja folk å rusle heimover. Godt påkledde var dei alle, både med genser under ytterjakka og topplue på ein og annan. Vi hadde ikkje sommarstemperaturen med oss, men smil og latter var det nok av.
I Vikebygd er folk flinke med å få til noko i lag, berre det er nokon som tek på seg oppgåva å gå føre, så fylgjer resten etter.
Les også om:
* Filmprosjektet i Vikebygd
* Film og snuringar på Plassabakeriet
–
Nye kommentarar