God deltaking på Vikestølsmøtet
Dei møttest førsta gong i år 1900. Etter 118 år er tradisjonen med Vikestølsmøtet framleis levande. Omlag 50 store og små fann vegen opp til stølen søndag 24.6.2018. Per Sverre Bårdsen frå Karmøy var hovudtalaren som kunne sitere både på hebraisk og gresk då han tok utgangspunkt i Romarbrevet 4, som han kalla «rekne-kapittelet.
Opp gjennom tidene har den faste møteplassen vore oppe ved flaggstonga og minnestøtta, men når veret ikkje var heilt bra, så søkte ein inn i hytta. Om det berre var yr i lufta i år, så var derimot knotten hissig og svolten. Så dei flesta var nok nøgde med at møta var haldne inne i hyta. Tradisjonen tru vart flagget heist klokka 12 til songen som i koret lyder: «Fold det gamle merket ut. La det vaie over Norges ungdomsflokk. Fold det gamle merke ut.» Olav Granberg leia møtet og allsongen løfta nærast taket då dei femti røystene stemde i til lyden av trekkspel og gitar (Hans Asbjørn og Steinar).
Med på møtet var også ein sangduo med Elisabeth Stople Gregersen og LIll-Inger Velde. Dei song mange songar med stor innleving. Styret for Vikestølsmøtet hadde frakta opp eit el-piano som Lill-Inger trakterte til songane.
Etter det første møtet var det fram med kaffi og nistemat. Då valde mange å setje seg utanfor hytta, på bord og benker der. Folk kom ikkje berre frå dei 5 kyrkjesokna rundt Vikefjellet (Vats, Skjold, Vikebygd, Bjoa og Ølen – som starta møta i år 1900), men også frå Tysvær, Haugesund og kanskje andre stader. På vikestølen sat dei saman som ein stor familie.
Etter matøkta vart det igjen eit møtesamvær inne i hytta med mykje song, både allsong, duett og solo. Igjen var det tekstar frå Bibelen som stod i sentrum.
Til hundre-års jubileet i år 2000 vart det samla det ein fann av skriftleg materiale om vikestølsmøta. Dette vart samla i ei bok eller hefte som styret for møta gav ut. Denne er seinare gjort tilgjengeleg på internett, på:
http://vikebygd.org/vs/
Til å representere dei fem sokna er det eit styre. I dette set nå:
Hans Asbjørn Åsbø (Bjoa), Olav Granberg (Ølen), Jørgen Johannes Landa (Vats), Endre Stople (Skjold og Steinar Skartland (Vikebygd). Desse har ansvaret for å halda tradisjonen oppe, med å invitere til stemne på Vikestølen, enten siste søndag i juni eller første i juli.
Jørgen Landa hadde i år skrive ein song til Vikestølsmøtet. Den vart sungen i avslutninga av det første møtet.
Songen kan du finne her.
..
Nye kommentarar