Grendautvalet lagar reklamefilm om Vikebygd
Reklamefilm: Kom og bu i Vikebygd – perlå ved Ålfjorden!!!!
Grendeutvalet har danna ei prosjektgruppe som held på å lage reklamefilm frå den vakre bygda vår. Formålet med filmen er å få folk til å komme og busetje seg i Vikebygd.
Bilete og videosnuttar kan de senda til: prosjekt@vikebygd.no
Prosjektgruppa er: Even Larsen, Roald Årvik, Martin Larsen og Laila Espeland
Det er reklamebyrået Iversen og Skogen som står for ein del av filminga, redigerer innsendte videoklipp og bilete og til slutt ferdigstiller reklamefilmen.
På laurdag 23. juni blir det litt filming på Joker-butikken og Plassabakeriet.
Me i prosjektgruppa har komme med innspel på kva me ynskjer å få fram i filmen:
– Byggeklare tomter med nærleik (5-10 min) til:
- skule, barnehage, trimpark og ballbinge
- bygdehus, idrettshall og fotballbane
- butikk med drøsestove
- Gamlatunet med kafè og bibliotek + utleigelokal med matservering, pub og overnatting
- Plassabakeriet med heimebakst, matservering og pub + utleigelokal
- Klokkargarden, butikk med husflid og handarbeid
- bedehus
- kyrkje
- frisør
- badestrand og båthamn
– Fest og utleigelokale
– Aktivitetar me kan tilby:
- Fotball, volleyball, orientering, badminton, musikkskule, musikkorps, fredagsklubb, speidar, bingo og aktivitetar med ulike bygdelag
– Ein unik natur med fjord og fjell :
Me vil at filmen skal få fram at ved å bu i Vikebygd kan du få både i pose og sekk.
1. Du kan nyte alle fordelane med å bu i ei naturskjønn bygd ved Ålfjorden, ein av dei mest attraktive sommarplassane på Haugalandet – på same tid som det er kun 30-40 minutt køyretur for å kunne bruke det Haugesund har å tilby.
2. Det er ein trygg og god plass for born å vekse opp med barnehage og skule som er små og intime og har moglegheit til å bruke lokalmiljøet og fjell og fjord i opplæringa.
Reklamebyrået har allereie vore å filma frå Vikeputten og prosjekt Ålfjorden som skulen har hatt i vår- då fekk dei filme båt -og fiskeliv, samt eit yrande liv inne med båthamna med born og vaksne i fullt sommarvêr…..Vikebygd på sitt aller beste!
Neste filming frå reklamebyrået er planlagt laurdag 23.juni, då vil det bli filma frå Plassabakeriet, Joker-butikken og St.Hans-feiringa på bryggjebakken. Plassabakeriet har kun ope for filming, men har sesongopning neste laurdag.
Steinar Skartland har gitt lovnad til å få bruke bilete frå hans filmarkiv til denne reklamefilmen- her er mykje flotte «blinkskudd».
Viktig melding: Me vil oppmode folk til å sende inn bilete og videosnuttar som de synest kan vere god reklame for Vikebygd- reklamebyrået hadde svært lyst å fått vist den nydelege kyrkja vår når nokon giftar seg. Kanskje nokon kan dele ein privat videosnutt frå eit bryllaup i kyrkja? Jo meir byrået har å jobbe med av materiale, jo betre blir reklamefilmen!! Me er vel ei av dei beste bygdene i omegn på dugnad- denne gongen ber me om dugnad med bilete og videosnuttar som kan vere med å setje Vikebygd på kartet!!!!
Bilete og videosnuttar kan de senda til:
Nye kommentarar