Bli med på inspirasjonssamling torsdag 22.3.18 kl. 17:00. Meld deg på innan 19.3.!
På vegne av arbeids- og styringsgruppa i Attraktivitetsprosjektet ønskjer vi nå å invitere Grendeutvala m.fl. i Vindafjord Kommune til Inspirasjonssamling torsdag 22.3.18 kl. 17-20, på Ølen IL klubbhus på Sparebank 1 SR-Bank Stadion (Ølen). Sjå innbyding og program nedanfor her.
Medvind og Grendautvalet i Vikebygd oppfordrar til å inkludera engasjerte sambygdinger også utover Grendautvalet.
NB! Påmelding innan 19.03 til:
MEDVIND, v/Merete Vårvik Matre
Dagleg leiar av Medvind Næringshage
Tlf: 99 32 54 12
Nedanfor er klypt frå informasjonen om Attraktivitetsprosjektet:
Medvind24: https://www.medvind24.no/folk/attraktivitetsprosjekt-kick-off
Rapport frå første samling 22.2.:
Vikebygd
Status:
Vikebygd har mykje og levande industri, skule og tilgjengelege tomter sentralt i bygda. Vikebygd ligg midt i smørauga for friluftstilbod, med fjord, fjell og flotte turløyper.
I tillegg byr Vikebygd på mange aktivitetar, og jobbar stadig md å oppretthalda ei levande dugnadsånd. Grendeutvalet jobbar aktivt med marknadsføring av bygda. Dei som ønskjer å busetja seg i Vikebygd ønskjer seg ofte litt meir i ei tomt enn det me har, og det er ønska at det blir tilrettelagt for større tomter enn det som er tilgjengeleg per i dag.
Prosjekt:
Mange tar båtturen til Vikebygd, og med plasseringa i Ålfjorden kan det vera eit potensial i å vidareutvikla dette. For å ytterlegare utvikla besøkstrafikken til sjøs, er det tenkt på moglegheiter for å leggja betre til rette for båtturistar å komma til bygda. Ein drivstofftank ved fjorden kunne vera eit godt tiltak for dette.
NB! Påmelding innan 19.03 til underteikna.
Vi vil vi få takka for sist til dei som deltok på Kick-off møtet for Attraktivitetsprosjektet 22.02.18.
Det var ei fin samling med mykje interessant og godt innhald, hovudsakeleg takka være engasjerte og godt førebudde deltakarar.
Du kan lesa ei oppsummering/nyhetssakene her:
Medvind24: https://www.medvind24.no/folk/attraktivitetsprosjekt-kick-off
Grannar: https://grannar.no/2018/02/foreslar-ein-buss-timen/ (G+ sak)
Ta gjerne kontakt med Merete Vårvik Matre eller Erik Baust, samfunnsutvikler i Vindafjord Kommune, dersom du har spørsmål/innspel til samlingane eller Attraktivitets-prosjektet.
Håpar å sjå flest mogeleg til ny samling 22. mars!
Med venleg helsing
Merete Vårvik Matre
Daglig leder
Medvind Næringshage
Tlf: 99 32 54 12
Nye kommentarar