Sykkel og gangsti gjennom Vossaplassvingen
Arbeidet er i full gang med å byggja sykkel og gangsti forbi Vossaplasset i Vikebygd. Tveit Maskin si gravemaskin har fjerna jordmassar og det er klar for sprenging for å fjerna bergnabbane .
Arbeid med sykkel og gangsti forbi Vossaplasset
Kommunestyret vedtok å forskottere Rogaland Fylke sin andel i kostnadane.
Allereie før kommunestyret gjorde sitt endelege vedtak om å forskottere inntil 6,5 millionar slik at prosjektet kunne starta opp i år, så hadde Statens Vegvesen fått klarsignal for å starta førebuingane til prosjektet.
Saka gjeld bygging av gang og sykkelveg og utbetring av Fylkesvegen som passerer Vossaplasset like sør for kyrkja i Vikebygd. Det har vore ein smal og svingete veg utan vegskulder, der tungtransport og personbilar konkurrerer om vegbreidda med sykkelistar og gåande. Det er stor glede for at det endelge er sett i gong utbetring. Arbeidet vil blir utført som eit samarbeid mellom Vindafjord kommune, Statens Vegvesen og Haugaland Kraft AS. Straumkablar, vatn og kloakk skal ned i grøft under den nye G/S-vegen.
Det har vore eit ynskje å få utbetra Vossasvingane i Vikebygd lenge. Ein har primært ynskt G/S- veg, men ynskje om utbetring av sjølve vegen har også vore stort. Før kommunesamanslåinga vart det laga reguleringsplan for tiltaket.
Tiltaket blei tildelt 1,5 mill i TS-midlar i 2017. Det er søkt om og innvilga kr 1,5 i TS-midlar 2018, slik føringane var i søknaden som blei sendt inn i 2017.
Høgspentleidningar
SØK (nå Haugaland kraft AS) skal føra fram ny høgspentleidning på frå Vikebygd til Trovåg og har trong for å få arbeida utført snart.
Redusera sårbarheit i vassleidningsnettet
Kommunen ynskjer å redusera sårbarheit i vassleidningsnettet til Vikebygd vassverk ved å knyta saman vassleidningar for den søre delen av leidningsnettet. Dette er ei vidareføring av tiltak som Vikebygd vassverk hadde starta før vassverket vart overtatt av Vindafjord kommune. Samarbeidsprosjektet er knytt til delen der det skal leggjast høgspentkabel. Når hovudplanen for vatn vart vedtatt hadde ikkje Vindafjord kommune overtatt Vikebygd vassverk, og dette tiltaket er difor ikkje omtala der.
Kostnaden for VA- delen i anbodet i samarbeidsprosjektet er ca. 2,5 mill. Prosjektet gir grunnlag for at 3 eksisterande bustadhus/fritidshus kan knytast til vatn og 7 til avløp. Hovudleidningar i prosjektet gir også grunnlag for byggemodning av område regulert til bustad. Kostnadane for VA-delen av arbeidet vert dekka av investeringsmidlar for vatn og avløp.
Kostnadsramme på 11 mill kr.
Til saman har prosjektet ei kostnadsramme på ca 11 mill eks mva. Då er grunninnløysing, prosjektering, byggeleiing og kostnader til veg, VA og kabelarbeid med.
Forskotteringsdel er 6,5 millionar som Rogaland fylkeskommune har løyvd i 2019. 1,5 million av dette er TS-midlar for 2018, som fylket nå har løyvd, slik at netto forstkotteringa er på 5 mill.
For å samordna leidningsarbeid og vegtrygging, har ein sett det som tenleg at Vindafjord kommune er byggherre. Det er laga teknisk plan der Statens vegvesen har godkjend vegdelen. Vindafjord kommune har henta inn anbod for alle tre samarbeidspartane. Det er også inngått avtale med alle grunneigerar som må gi frå seg grunn til veg og leidningsnett.
(Kjelde: Vindafjord kommune, KS-sak 011/18)
Nye kommentarar