Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd:   

Facebook    -   Twitter

Den gamle stien opp Skiftesdalen   

Sida er sist endra 12. mai 2017

Den gamle fjellstien opp Skiftesdalen
Nye stiar i Vikebygd - rydda og merka

lagt ut av Steinar i samarbeid med Roald Årvik, 12.5.2017
Bilete av Roald Aarvik

Per Vik og Roald Årvik nå fullført del 2 av prosjektet med å opna opp gamle fjellstiar. Denne gongen er det "Den Gamle Fjellstien opp Skiftesdalen" som er rydda og merka.


Svortufstjørn i skoddeeim

- Dette var noko som var planlagt gjort i fjor sommar/haust, fortel Roald Årvik, - men eg vart arbeidssky på førsommaren. Fekk att litt arbeidslyst tidleg på våren i år, slik at denne stien vart rydda og merka i år i staden

Roald har samla inn og skreve ned mange historiske opplysningar som han har fått frå Per Vik, Johan Owe og Gunnar Birkeland.  Desse kan du lesa meir om her.

- Eller så vil eg nemna at om nokon vil gå denne turen, eller den gamle Fjellstien opp Kleivane, så er no i mai ei god tid å gå, fortel Roald.
- Då er det tørrast å ferdas her.

Bilete nedst her er av blokka som heng på løypestrengen i fjellsida, bilete øvst er frå Svortufstjørn i skoddeeim.

Les nedanfor dei historiske fakta som er samla
 

Klikk her for eit større bilete
 

Meir her meir om
Stien går frå Øvre Vik og opp Skiftesdalen

Roald Årvik fortel:

Stien går frå Øvre Vik og opp Skiftesdalen, i gjennom nordre Svortufskar. På toppen av skaret er det merka rute til toppen av Svortufs, der det ligg ei bok til å skriva seg inn i. På toppen er det med Johan Owe si velsigning rydda ein del tre, slik at ein nå har ei flott synsrand frå Kvame i nord til Dommersnes i sør. Vidare går turen på nordaustsida av Svartufstjørn fram til Longavatnet, like før Svortufstjørn kan ein ta ein avstikkar ned til det søndre skaret som endar ved eit flott utsiktspunkt.

Dette er ein gammal fjellsti som var nytta før i tida, i alle fall den delen som går frå Vik og til toppen av det nordre skaret ved Svortufs. Den originale stien starta ved Løkkja like nord for Klokkargarden og gjekk nokså beint austover mot Sønjarhuset, men den nyopna stien føl òg eit gammalt trakk.

Klikk her for eit større bileteDen gamle løypestrengen
Den nyopna stien og den gamle stien frå Løkkja smeltar saman like før Sønjarhuset, som er staden der ein kan sjå to store fester etter det som ein gong var ein løypestreng. Stien er lagt rett forbi desse festene. Vidare så går stien opp Skiftesdalen, som er skifta mellom gardane Vik og Børkjeland. Begge gardane henta ved oppe i Skiftesdalen og for å letta arbeidet så sette dei opp ein løypestreng for å få veden lettare ned til bygds.

Løypestrengen hadde 2 strenger, og ein kunne ha korger som gjekk på trinser hengjande under strengen, slik at når ei korg gjekk ned, så hadde ein laga ein patent slik at ei anna korg gjekk opp strengen i fjellsida.

Under 2. verdskrigen dreiv brørne Nils og Johannes Owe og spadde torv or myra ved det søndre skaret til Svortufs. Torva vart nytta til brensel, då utmarka på den tida ikkje var attgrodd med tre, slik som i våre dagar. Dei gjekk opp om morgonen og kom ned om kvelden og nytta dei omtalte korgene til å få torva ned på løypestrengen. Høgdepunktet på dagen var når kona til Johannes sendte opp varm middag med løypestrengen, slik at dei fekk ein rast og energi til å spa meir torv.

Tek ein avstikkaren ned til det søndre skaret så vil ein finna ein løypestreng som heng oppe, dette er truleg ein tilførselsstreng til den store løypestrengen ned til bygda. Her vil ein også sjå ei blokk/trinse som heng att på strengen, samt det som kanskje er festen til den store løypestrengen. Deler av dette var dekka av mose, men det er no grove fram i dagen igjen. På veg ned mot strengen så vil ein gå langs ei lita myr, her vil ein sjå kor det er spadd torv or myra. Noko å reflektera over i desse varmepumpetider.

For meir detaljer og kart over stien sjå: www.ut.no

Vil ein læra meir om torvskjering sjå også: NrK - distriktsnyheter 17.06.2014
 

-


Les her også om Gamle Fjellstien
 

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
Mai
Merking av nye stiar
Dugnad på Årvik skule
April
Vikesprinten 30.4.2017
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet


Tidlegare år
 2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org