Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd   

Facebook    -   Twitter

Årsmøte i Grendautvalet for Vikebygd 5. januar 2017

Sida er sist endra 8. jan. 2017

 
Grendautvalet i Vikebygd - Årsmøte 5. januar 2017
Frantz Lea gir seg som leiar i Grendautvalet
av Steinar Skartland 5.1.2017 / oppdatert 8.1.16

Link til oppdatet info frå Grendautvalet
Ein liten flokk hadde benka seg i eit kaldt lokale på bygdahuset torsdag 5.1. Men diskusjonane gjekk varmt og forslaga til folkeauke, tilflytting og aktivitet som Grendautvalet vil stå for, var gode og kreative. Årsmeldinga kunne syna både til mykje godt gjennomført arbeid og god økonomi i eit aktivt grendautval, som hadde sett seg gode mål for åra som kjem.

Ein evig smilande leiar viste til det dei hadde oppnådd og særskilt til at:
-Nå står lyktestolpane loddrett, men det tok over eitt år å få dei retta opp.  Heilt utruleg!

Frantz Lea og styret han har leia, har ikkje vore dei som har gitt opp om det kom motstand og det Frantz ser på som kommunal treghet som svar på dei mange innspela for å gjera bygda meir attraktiv. Likevel kunngjorde han at nå ville han gå av som leiar og slutte i grendautvalet. Han fekk både ros for arbeidet, blomar og ein varm klem av Solveig Hortman, som er nestleiar.

Nye styremedlemmer ved dette valet vart Frode Tindeland og Kjetil Andre Skartland, i tillegg til Solveig Hortman, Elisabeth Winterhus Juulsrud og Stein Andor Sundve. Grendautvalet konstituerer seg sjølv, men dei blir ikkje heilt fri for Frantz som nå går inn i valkomitèen.

Han kunne også helsa frå "Gondolbanens venner for kreativitet og utfoldelse." Dei hadde hatt årsmøte og hadde stor tru på Gondolbane for å sikra at alle i bygda fekk retten til ein fjelltur til Trodlafjellet, om dei var dårlege til beins eller låg i sjukeseng. Atle Barane nytta høvet til å etterlysa svar på søknaden om å bli gondolførar.  Ja, det høyrest sprøtt ut, men likevel: Å ha tru på noko og vera eit førebilde for at det finnes ikkje dumme forslag, er viktig.  Grendautvalet har synt at mellom ei rad med forslag til tiltak, så har nokre av forslaga hatt positive resultat.  Fleire utbetringar av vegen til Skjold, er eksempel på dette. Her har Grendautvalet vore ein aktiv pådrivar overfor vegvesen og kommune.

Nå har kommunen sett veg med sykkel og gangsti forbi Vossaplasset på topp av prioriteringslista til Fylket og pressar på for å få oppstart alt i 2017 på prosjektet. Vossaplassbrua er på plass. Uteområdet Bryggjebakken er gjort mykje betre og grillhytte er sett opp, Informasjonsskilt ved Jokerbutikken og nettside med informasjon er på plass. Fleire andre saker står i årsmeldinga som: "Pågår".  Grendautvalet ga også ei støtte til innkjøp av projektor på Bygdahuset og fortalde om ulike prosjekt dei har støtta.

Det vart også ein del diskusjonar og innspel om Dommarsnes industriområde. Både trongen for opprydding på sjø og land og lyd frå motoren på skip ved kaien. Det er positivt at kommunen får inntekter frå utleige.  Rune Hetland meinte at vi kanskje var for kjenslevare for lyd i bygda vår.  Litt må vi tola.  Det var også fleire innspel på at utrangert utstyr frå gamle fiskeoppdrett ligg på fjorden i Brunnavika og er umerka slik at det er til fare for båtar som kjem i dårleg lys og kveld.  -Kanskje kan noko av inntektene frå utleige av kaien bli brukt til utbetring av Prestabryggja? var eit av innspela.  Båtane opptek kaien og restane av fiskeoppdrett sperra den litle kaien på Dommarsnes. Entreprenørar som ynskjer å ta inn material sjøvegen treng derfor alternativ kai.

Det nye Grendautvalet fekk med seg fylgjande handlingsplan for 2017-2019:

  • Vossasvingane - Gang- og sykkelsti til Vikebygd sentrum
  • Vidare arbeid med utbetring av Fv 734 Vikevegen (delutbetringar)
  • Gang- og sykkelsti frå Vossasvingbrua til Dommersnes m/lyktestolpar
  • Oppgradering og skoging rundt Plassaelva (etter avtale med grunneigar)
  • Gang- og sykkelsti m/lyktestolpar frå Bygdahuset til Kvamme
  • Dommarsnes Industriområde
  • Fleire innbyggjarar (barnefamiliar)
  • Reklamere for bygda, og vidare arbeid med nettstaden: www.vikebygd.no

Årsmøtet sendte også med dei fylgjande tilleggssaker:

  • Lys i eksisterande stolpar i Lio 2
  • Breiband i Nordabygda
    Arbeidet med dette kan kanskje også koma på dagsordenen når det er vald inn to medlemmer frå denne delen av bygda.

På spørsmål om status for arbeidet med drivstoff-Tanken, så kunne Frantz orientere om at Motorbåtforeningen hadde signalisert ynskje om å få dette til, mest mtp. båtar på fjorden og medlemmer i båtlaget.   (Saksliste-Innkalling til årsmøtet Les årsmelding her

 


Årsmelding Vikebygd Grendautval 2016

Vikebygd Grendautval har hatt 6 styremøte, vore representert i møte ved frivilligheits-sentralen, og har, i tillegg til fleire møter med kommunen, delteke på eit felles møte mellom Grendautvala i kommunen og Vindafjord kommune, der blei det bestemt at Kommunen skal ha to møter med Grendautvalet i året med krav til å gjennomføre minimum eit.

Hovudprioritet for Grendautvalet dette året, har vore oppfølging av Kommunen og statens vegvesen for å få utbetringar på Fv734 Vikevegen. I mai 2016 hadde Vindafjord kommune saman med Fylkeskommunen ei synfaring på Vikevegen. Dei ser behovet for sikringstiltak. Statens vegvesen har utarbeida ei moglegheitsstudie Isvik – Vikebygd – Ølensvåg, Statens vegvesen gjer det klart at utbetringane som nemnes her må liggje i prioriteringslista til kommunen før noko skjer. Grendautvalet har sendt innspel på saka til kommunen.

Elles har Grendautvalet jobba med oppretting av lysstolper langs vegen i sentrum, Lys opp vegen til Alna, vikebygd.no, 'Gondolbanens venner forum for kreativ tenking' og moglegheitene til å få Tanken til bygda.

I møte med kommunen i mai 2016 vert saka ang Dommersnes diskutert, her kom det i all hovudsak fram at området som er føreslått gjort om til LNF1 område i plan, ikkje kan byggjast på, då dette er meint som skjerming mellom industriområde og busetnaden. Dette er blitt ei aktuell sak, ikkje fordi kommunen ynskjer å redusera industriområdet på Dommersnes spesielt, men kommunen har generelt for mykje areal satt av til industri og husklynger, dette må reduserast. Vidare har kommunen gjort det kart at deira syn på Industriområdet på Dommersnes er at det er spesielt godt egna til industri, grunna gode kaiforhold og område innføre. Styret følgjer med i utviklinga.

I mars 2015 hadde Grendautvalet eit møte med Tomteselskapet for å få fortgang i salet på tomter, i den samanheng vart det kalla inn til dugnad for å få rydda tomtene på Liofeltet, til tross for godt oppmøte blei ein ikkje ferdig. Difor vart det også i år dugnad i samarbeid med Lio velforening, det vart godt oppmøte frå heile bygda og me fekk rydda det som var planlagt. Takk til Lio vel og alle som stilte til dugnad denne dagen. I samband med dette prosjektet og som ein vidareføring av det Tomteselskapet begynte på med ein bit av Vindafjord, laga Grendautvalet ein foldar for å promotere bygda vår som blei delt ut til så nær som alle bilane som var innom Vikeputten i år.

Som før blei det planta sommarblomar i potter og tønner rundt omkring i bygda før 17 mai, dette vart skifta ut med vintergrøne vekstar på hausten.

Det er søkt kommunen om å få 30 sone i Plassavegen. Saka er førebels ikkje ferdigbehandla, Grendautvalet har sendt purring.

Nettstaden vikebygd.no er no oppe å går, det manglar enda noko informasjon frå enkelte, men Stein Andor jobbar med for å få dette på plass etter kvart som informasjonen kjem inn. Det er blitt ein fin nettstad med masse bra informasjon om bygda vår, og talet på besøkande har vert over all forventning.

30.september slutta Rolf Alne som kjøpmann og gav over roret for Vikebygd Landhandel (Joker) til Gunn Vikingstad. Gendautvalet, saman med korpset og Vikebuen, laga overraskingstog som gjekk frå bedehuset til butikken. Med banner, hornmusikk, gåve og avskjedstale til Rolf takka Grendautvalet på vegne av bygda for 17 års teneste som kjøpmann. Og ein velkomst og overrekking av blom til Gunn som tok på seg den viktige oppgåva, å sørgja for vidare drift av nærbutikken og den viktigaste møteplassen i bygda vår.

Den 18. oktober hadde me eit ope styremøte på Bygdahuset, med føremål å få fleire innspel frå bygda. Dette var ein start på eit Kreativt forum, der ideen er å få ein meir open dialog og flyt i ideane folk i bygda sitt inne med, ei hjelp til få ideane ut og fram i lyset, og forhåpentlegvis få til meir i og for bygda. Styret jobbar vidare med dette forumet og seier seg nøgde med oppmøtet og takkar alle som deltok.

Grendautvalet hadde nokon midlar til overs dette året, og har øyremerka kr 2000,- til projektor på Bygdahuset og kr 8000,- til restaurering av vikestølen.

Som ein kan sjå er det mykje å gripe tak i for det Grendautvalet som no skal konstituera seg.  Last ned heile dokumentet her


Saksliste-Innkalling

Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

Les fleire nyheiter
2017
Januar
Årsmøte i Grendautvalet

2016
Desember
Fulle benker på ei
    musikalsk julegudsteneste
Lokal julekonsert m fullt hus
Julekonsert med Scala
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til sals
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
Tidlegare år
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org