Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Det skjedde i Vikebygd  

Facebook    -   Twitter

Vikebygd Landhandel fornyar seg   

Sida er sist endra 27. april 2017


Nyopning av Vikebygd Landhandel
Skal nå ha ope til klokka 18:00, også laurdagar

av Steinar Skartland 27.4.2017


Gunn Vikingstad sikrar fleire arbeidsplassar i bygda gjennom Vikebygd Landhandel. På nyopningsdagen tok ho sjølv plass i kassen og ekspederte kundane som strøymde på. Inne på drøsestova vart det servert kaffi og kaker til alle som var innom.

Etter at butikken vart stengd laurdag har det vore arbeida for fullt.  Gunn rosa spesielt Ola Harald, som med sin snikkererfaring stod for mykje av byggjearbeidet saman med fleire andre.  Det har vore svært travelt, måtte Gunn medgi.  Dei tømde ut alt som var i butikken for å kunna leggja nytt golv, plata og mala vegger, og få inn ny innreiing. Endå til på opningsdagen var det full aktivitet heilt fram til snora skulle klyppast.

Varaordførar Skartland skar av "snora"
som var Joker bæreposar knytt saman til
ei lang remse. 

Ved sida av døra viser oppslag om opningstider at nå blir det ope til klokka 18:00 også på laurdagane.  Bygda har mange hytter og i helgane aukar folketalet ein god del.  Det må nyttast til å ha open butikk.  Innvendig er reolar snudde slik at det både blir betre oversikt og lettare å koma seg fram med handlekorga. Drøsestova skal bestå og Gunn vonar at butikken ikkje berre skal vera ein
plass å kjøpa brød og mjølk, men også ein
sosial møtestad for folk i bygda.

I kjellaren ligg treningssenter og butikken køyrer ut varer til dei som treng det.  Så vonar vi butikken, som årleg omset for 7-8 millionar, kan bli nytta godt av folket i Vikebygd til daglegvarer dei treng.

- Då er oppussinga ferdig og "den nye butikken" opna! Me er storfornøyde med resultatet - og det var berre godord frå dagens kundar også! skreiv Gunn på Facebook då kvelden endeleg kom. Og ho la til:

- Velkommen til hyggelig handel! PS: Nå blir det åpent til 18:00 på lørdagene også!

 


Utan lokal butikk nokre dagar i Vikebygd, men
Klar for nyopning torsdag 27.april klokka 12:00

av Steinar Skartland 25.4.2017

Både ute og inne ber butikken preg av å vera ein byggjeplass, men det er snart over. Med stor innsats frå fleire snikkerkyndige er Joker butikken i Vikebygd klar for nyopning torsdag den 27. klokka 12:00. - Då blir det høgtideleg opning med snorklipping og kake, fortel innehavar Gunn Vikingstad.

Når stenginga er varsla så klarer Vikebuen seg nokre dagar utan open butikk, men allereie torsdag er det opning igjen og tilbake til normalen. Ja, ikkje heilt. Butikken er oppussa og har fått litt endringar innandørs.  Alle som er spente på korleis butikken nå er blitt kan ta turen klokka 12:00 på torsdag, til nyopninga.
 


Stengjer 24.4. - 26.4
Vikebygd Landhandel
pussar opp

Info frå Gunn Vikingstad 16.4.2017

Butikken skal pussast opp - og blir stengd nokre dagar. 

Me stengjer laurdag 22.04.17, kl. 13:00,
-og opnar "den nye butikken"
torsdag 27.04.17, kl. 12:00.

Me skal m.a. leggja nytt golvbelegg og må av den grunn pakka ned og flytte ut alt av tørrvarer. Vil du bidra til å redusera denne jobben legg du handleturen til Joker før me stengjer. Me gleder oss til jobben er gjort og me kan opna dørene igjen og visa fram ein "ny" butikk!

Helsing "Joker-damene"
 


Vårsola har fått grønt gras til å gro,
men tysdag var det igjen kvite fjell over Vikebygd

av Steinar Skartland 25.4.2017

Første måndag etter påske er etter lova første dag ein ikkje har lov til å ha på piggdekk. Snø både i lufta og på bakken gjorde nok at fleire valde å la piggdekka stå på litt lengre.

Her ser ein dei grøne bakkane midt i bygda, og kvite fjell i bakgrunnen. Kald loft i frå polare området strøymer nedover Skandinavia og gir både kjølig luft og snø fleire stader. Om natta kan temperaturen siga under 0. Men dette varer nok ikkje lenge, for Aprril er den andre vårmånaden. Dagar med finvêr eller duskregn gjorde at bøndene var i full aktivitet med utkjøring av husdyrgjødsla. 

 

 
 
 
 

Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
April
Vikeputten 29.4.2017
Nyopning av butikken
Rolf Alne i Kenya
På leit etter røtene i Vikebygd
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet

2016
Desember
Forskjellig frå desember 2016
Omvisning på båten Wayfarer
Musikalsk julegudsteneste
Lokal julekonsert m fullt hus
Julekonsert med Scala
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til sals
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
Tidlegare år
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org