Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Det skjer i Vikebygd  

Facebook    -   Twitter

Februar-mars 2017   

Sida er sist endra 17. april 2017


Fullsett kulturhus
SØK går inn i Haugaland Kraft

av Steinar Skartland 13.3.2017

På årsmøtet i SØK på Ølen kulturhus måndag 13. mars møtte 259 røysteføre og med fullmakter representerte dei 366 andelar.

Dei fleste var samstemde om at dette var det beste for kraftlaget si framtid. Berre ein andelshavar tok til motmæle og ville ha saka utsett for å få utgreidd andre alternativ til samanslåingar. Den endelege voteringa var samrøystes og vedtaket lydde:

"Årsmøtet godkjenner omdanningsplanen datert 10. februar 2017 for omdanning av Skånevik Ølen Kraftlag SA frå samvirkeføretak til aksjeselskap."

Etter reglane må det endå eit årsmøte til før saka er avgjort. Dette blir den 13. juni.
For straum abonnentane kan det bety 4000 kroner mindre i nettleige i året og for verksemder vesentleg større summar. For dei største over 1 million kr i året.

Les Omdanningsplanen her
 


Årets turorienteringsopplegg klart
Til sals på Vikebygd Landhandel

Vikebygd IL o-gruppa 28.3.2017

Frå og med tysdag 28.mars er årets turorienterings-
opplegg klart og til sals på Vikebygd Landhandel.

Årets opplegg er på to kart, «Malasetvatnet» i Sørbygdå og Fossølsliå-Skreå. I Sørabygdå ligg det 15 postar på aust og nordsida av Malasetvatnet. I Nordabygdå ligg det ligg det 15 postar mellom Fossel og Dyraskårvatnet.

På ein av postane på begge karta ligg det ein postkasse md bok inni kor du kan skriva namnet ditt. Då er du med i trekning av gåvepremiar ved sesongslutt. For å vera med i trekninga må du ha kjøpt og levert inn igjen kontrollkort med namnet ditt på. Vinnarsjansane stig om du er innom bokpostane fleire gonger og skriv namnet ditt kvar gong.

Lykke til med postjakta og registreringa på nett (om du vil)!

Helsing Vikebygd IL o-gruppa
Kjersti Bjerga, Einar Martinsen og Jon Magne Svendsbøe                     Føssøl
 
 


Klikk her for å gjere plakaten størreBøker via telefon, internett eller via appen «Bibliofil»

Vindafjord Bibliotek har ei ordning kalla «bok i butikk». Ved bruk av denne ordninga kan ein tinga bøker på biblioteket via telefon, internett eller via appen «Bibliofil», for så å få bøkene levert ein stad i nærleiken.

Hent bøkene i butikken
Biblioteket køyrer ut bøkene
på onsdagar til

  •    Joker Vikebygd,
  •    Joker Vikedal,
  •    Shell Sandeid,
  •    Knapphus bensinstasjon,
  •    Nærbutikken på Bjoa og til
  •    Frøken Fryd.

På desse stadane finn ein og bokskap som ein kan levere inn bøker i.

Silje Holden Birkeland
bibliotektilsett
(Klikk på plakaten for å forstørre denne)
 
 


Klikk her for å sjå plakaten

    BASAR
Årsmøte med basar
Vikebygd Bedehus
Fredag 10.mars kl. 18:00

Andakt v/Steinar Skartland
Song v/borna frå Venneklubben (Søndagsskulen)

Årsmøtesaker, mat og utlodding.
Basar-plakaten

Last ned:  Årsmelding for 2016      -      Årsmøteinnkalling 2017
 

Kunngjering:
Kunngjering:
Klikk her for å sjå større plakat

Flinke elevar på Vik Skule
Skulen laga til flott kulturettermiddag

av Steinar Skartland 23.2.2017

Torsdag 23, februar kunne bygdefolket sleppa å koka middag. Dei strøymde til Bygdahuset. Her hadde skulen, borna og nokre foreldre laga til kafé med sal av lapskaus til middag.  Elevane i 7. klasse hadde sjølv kakekafé til inntekt for skuletur. Og det var flotte og gode kaker å kosa seg med.  I løpet av etter-middagen var det mange mobiltelefonar i aktivitet med å sikra seg minner frå kvelden der elevane hadde gjort ein imponerande jobb med å førebu, øva, laga og nå attpå til å framføra - Vindafjord.

Inne i Storsalen kunne dei besøkjande sjå mange flotte ting elevane hadde laga, som ein del av temaet å setja seg inn i kommunen sin, Vindafjord. Dei gjestene fekk utdelt eit ark med spørsmål forma som ein tippekupong med alternativ for 1-X-2. Svara kunne dei finna i dei oppgåvene som elevane hadde gjennomført og resultata hang på veggen, fulle av lokalkunnskap.


Skulekoret framførte kva dei forskjellige bygdene hadde å by på og elevane hadde lagt opp til mykje god underhaldning som dei sjølv leia på ein flott måte. M.a. hadde dei invitert rallykjøraren Åsmund Holten som vart intervjua om korleis det var å delta i rallykjøring. 

Lokalpolitikarane Rune Hetland og Steinar Skartland vart intervjua om alt frå kva dei likte best av Pepsi og Cola, Ostepopp eller banan. Men også om korleis det var å vera med i politikken.  Innleigd underholdning vart det også med Frank R Abelset og Reinhart Thoresen som både song og drog i gong allsong. Men her fekk nokre foreldre seg ei overrasking.  Nokre frivillige av borna fekk koma på scenen der dei fekk i oppdrag i henta ein av foreldra også. Då alle var samla på scenen sende han borna ned igjen - og det var dei vaksne som måtte kle seg ut og gjøgle.  Eigentleg var dei kanskje stolte av å få stå på ein scene og syngje saman med Frank og Reinhart?


Borna jubla når dei overlet scenen til foreldra som skulle kle seg ut og syngja.
 


Les meir herEin flott vårdag med blå himmel
Også for tur til Vikestølen

av Steinar Skartland 26.3.2016

Ei helg der våren kunne kjennast i lufta og mange tok turen ut i naturen på ein solrik søndag. Ikkje alle var på veg mot høgfjellet og skiføre.  Stiane oppover mot Vikestølen og andre fjelltoppar i Vindafjord vart flittig nytta etter at ei brosjyre hamna i postkassane med at nå var kommunen sine nutabøker på plass i kassane. Kommunen skriv på si webside:

Ut på tur i Vindafjord 2017 med 9 turmål
"Ut på tur i Vindafjord 2017" er nå klare med brosjyre. 9 turmål er klare til å gå fom 24.mars og varer ut oktober. Det kan vere mykje snø på enkelte turmål nå i starten, så folk må tenke seg om kvar dei skal gå. Dersom bok med kodeord ikkje er på plass nå i starten, vil det stå på oppslagstavla.
Dette gjeld pr i dag Lysenuten, frå Vikedal.

Turane er varierte og for ein kvar smak. Der er også informasjon om 6 tilrettelagde turar. Brosjyra inneheld også opplysning om organiserte turar i 2017.

Det blir trekking av gåvekort for dei som samlar kodeord og leverer inn. Les meir her


Ein del gjekk turen til Vikestølen og Veldehytta søndagen.  Utanfor Vikestølshytta kunne ein kosa seg i ein solrik sørvegg.
 


Klikk her for å lese Vikebygd og Skjold
-andre året i fellesskap

av Steinar Skartland

Det første året Vikebygd og Skjold hadde felles sokneråd, var leiaren Kari Synnøve Velde Haugen frå Skjold. Leiaren vert vald for eitt år om gangen, og for 2017 er det Brit Nelly Ness Tveit frå Vikebygd som har teke over leiarrolla.

På årsmøtet, som vart halde i Vikebygd kyrkje 5. mars la dei fram felles årsmelding for dei to sokna. Den kan du lesa HER, og finna ut meir om denne gode aktiviteten som har vore i sokna.
Soknerådet for Skjold og Vikebygd oppsummerer vegen vidare slik:

"
Soknerådet opplever at samanslåinga mellom dei to sokneråda har vore vellukka. Det er likevel ei utfordringa at det er to ulike kyrkjelydar me representerar og skal utvikle.

Soknerådet vil i det kommande året ha fokus på trusopplæring. Me har eit håp om å skape engasjement og inspirasjon rundt dette. Det er utarbeida ein fyldig og god plan for arbeidet med aldersgruppa 0-18 år som me no treng å få litt "under huden" og føla eigarskap til. Mange av opplegga som er skisserte i planen bygger på frivillighet og at folk i kyrkjelyden stiller opp der dei kan. Likninga om treet og greinene blir veldig aktuell her! Me treng både bollebakarar, musikantar og vaktmeistrar,- og målet er at borna og ungdommane skal få erfare og lære om tru, håp og kjærleik. Det blir herved gitt ei sterk oppfordring til kvar og ein... Dette med trusopplæring MÅ vera eit fellesprosjekt for alle medlemmer i kyrkja, berre slik kan me ha von om å nå dei oppvaksande generasjonane!

 


Vikebygd amatørteater
søkjer: Tekstforfattere

Rolf Julsrud 20.3.2017
 
Er du god til å skrive, flink til å formidle et budskap, trives du med å diktere andre eller rett og slett; brenner du for de gode historiene?
 
– Da vil Vikebygd amatørteater gjerne komme i kontakt med deg!
 
Vikebygd amatørteater søker: Tekstforfattere

 
Dette er ikke veldig skummelt og alle kan bidra. Først og fremst må du trives med å skrive! Om du i tillegg er flink til å sette ord på ting og gjerne kan fremme et budskap med glimt i øyet har du allerede mange av de kvaliteter vi ser etter.
 
Ingen forkunnskaper kreves, men sene kveldstimer må påberegnes. Vi kan ikke love kake hver gang, men kaffe eller saft skal vi ordne!
 
Ta kontakt – vi venter på din henvendelse!
 
mvh Rolf Julsrud
Vikebygd Amatørteater
rojuls@gmail.com tlf. 949 86 959


Styret har følgende sammensetning:
- Rolf Julsrud
- Cathrine Hamre Tindeland
- Hilde Stene Bauge
- Alice Frøvik
- Tor Arild Mortveit (ikke tilstede da bildet ble tatt)

Nå skal vi jobbe videre framover med litt formelle ting og prøve å få alle de praktiske tingene på plass, men det skal også jobbes parallelt med skriving og praktiske detaljer.

Les meir her


Les også andre nyheiter frå Vikebygd


Sjå gamle bilete her


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 117.003 besøk på vikebygd.org i 2016.

til hovudsida for Vikebygd


-
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

2017
Siste nytt frå bygda
April
Påsken 2017
Vikestølstur i sol
Fasteaksjonen
Mars
SØK inn i Haugaland Kraft
Vikebygd Amatørteater
Forskjellig frå febr.-mars
Februar
Planeten Venus i vest
Kulturettermiddag
Speidarfest og Nutastavar
Venneklubben i Vikebygd
Arquebus-filmen
Januar
Januar
Årsmøte i Grendautvalet

2016
Desember
Forskjellig frå desember 2016
Omvisning på båten Wayfarer
Musikalsk julegudsteneste
Lokal julekonsert m fullt hus
Julekonsert med Scala
Lysmessa i kyrkja
November
Tenning av julegrana
Julemessa 2016
Globalaksjonen
Bibelmaraton i Skjold
Vikebygd Amatørteater?
November skjedde det
Oktober
Grendautvalet - ope møte
Lokal drivstoffløysing
Amatør teater i Vikebygd?
Longåsdals-dagen
Aktivitetsdag på idrettsbanen
September
Eigarskiftehelg på Joker
Folkerøystinga
Spennande gudsteneste
Vikestølsmarsjen med pop-up
August
Ny butikkeigar i bygda
Haustfest i Lio
Kommunesamanslåing?
Paul Harrison i Skjold kyrkje
Juli
Fotballkamp Vikebygd-Bjoa
Sommarsordførar
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til sals
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
Tidlegare år
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009

 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2016
 2015
 2014
 2013
 2012

 2011
 2010
 2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org