Klikk her og gå til framsida av Vikebygd.org

Vikebygd i dag 

Facebook    -   Twitter

Rydding og opning av turstiar i skog og fjell i Vikebygd

Sida er sist endra 23. juli 2016

På gjengrodde stiar
av Roald Årvik 22.7.2016

På initiativ frå Per Vik, så har han og Roald hatt eit prosjekt på førsommaren/sommaren. Dei har rydda, det dei har valt å kalla "den Gamle Fjellstien forbi Kleivane". Nedanfor fortel Roald frå prosjektet.


Roald fortel:
Per spora opp den gamle stien og spraylakkerte både her og der slik at det vart råd til å byrja å rydda vekk brakje og trær. Me starta å rydda frå kvar vår ende av stien, og i det me møttest så var den Gamle Fjellstien forbi Kleivane opna opp på nytt. Ein kan vel sei at motorsaga fekk det travelt, for det var ikkje mykje lys å sjå i tunnelen då me byrja.


Per har vore skiltmeister, han har og sett opp bru ved inntaksdammen til Vik Kraft, der den Gamle Fjellstien munnar ut i den nye vegen. Per er også kjelde til historia nedanfor. Langs ruta så heng det og gamle skilt som syner namnet på stadane ein passerar på vegen.

Turen ligg på ut.no (link)  

Den nye vegen
Den nye vegen kom rundt 1990 og vart bygd med midlar frå Peconor som vederlag til grunneigarane for at firmaet fekk nytta vatn frå Longavatnet til betongproduksjon og brakkeleir på Dommersnes. Dei sette og opp dammen i Longavatnet, men på det tidspunktet var ikkje vegen bygd og både brakkeleir og betong vart frakta opp med helikopter. Etter at nye vegen kom var det ikkje mange som brukte den gamle fjellstien på nordsida av elva, og den vart etterkvart meir eller mindre gjengrodd.


Nedanfrå starta den gamle stien ved bøgarden på g.nr. 1 (Perajorda) der steingarden gjer ein sving som gjer det lett å samle dyr (hegn). Stien gjekk vidare over trebrua like nedanfor betongbrua som er i dag eller over eit vad i elva like ovanfor betongbrua. Me valde å la den Gamle Fjellstien starta ved betongbrua, då det var mest hensiktsmessig, frå der så går ein i gamle far heilt til inntaksdammen ved Vik Kraft, heilt øvst gjekk stien opphavleg langs elva, så her er den lagt litt om til den munnar ut i den nye vegen.


Like etter ein kjem ut på den nye vegen i den første kneika på grusvegen, ved Våbrekkerinda, så står det, i grøfta på venstre side, eit skilt som markere ein sjåverdigheit. Det skiltet markerar ei «trulovingsannonse» som er gravert inn på eit berg tidleg på 1900-talet. Den er vel verdt å ta ein kikk på. Her står det P.S. Vik og Berta Louise Ove. P.S. Vik skreiv seg seinare som Peder Valen. Bertha Louise Ove var den same som Bertha Louise Helgesen, seinare Valen. Dei vart gifte, budde på Perajorda i Vik og fekk 3 søner.

Ved Våbrekkerinda gjekk stien over høgdedraget der «trulovingsannonse» er, men elles føl vegen stort sett der stien i si tid gjekk fram til Longavatnet. Langs Longavatnet gjekk stien fleire stader nærare vatnet, og opp Feiensbrekka gjekk den på skrå nordaustover og kom opp nord for myra ved Røytetjørn.

Stien vart brukt til ferdaveg for både folk og «krettur». Her vart kyr jaga opp og ned for sommarbeite på Vikestølen, og her vart smalen jaga til fjells om våren og kom ned att om hausten. Stien vart også nytta av dei som skulle fiske, eller jakta i fjellet, og vart og nytta for å ta seg fram til møter på Vikestølen.

Vikestølen var støl for bruka på Vik øvre.
Det har vore drive stølsdrift i to periodar på Vikestølen. Fyrste gong på 1800-talet, og seinare i fyrste del av 1900-talet ved at skipsreiar Thorsen som budde på Rabbane starta støling etter gamalt mønster. Visstnok skal Lena Akslå ha stølt for Thorsen. Ho gjekk opp og ned kvar dag, og på nedtur tok ho med seg ost og smør som ho hadde laga på stølen. Vel heime hjelpte ho til med gardsarbeid heime på Akslå, før ho igjen laut dra til fjells igjen om kvelden. Folk var spreke og arbeid somme i dei dagar.

Det kan og nemnast at frå Djupavad så gjekk det ein sti opp mellom elvane på det ein kalla Allmenningen. Då kom ein til Stemmeberget der elvane skils åt, ein måtte så hoppe over elva og kom inn på stien på det blaute partiet rett nedanfor Raukleiv. På Stemmeberget kunne ein med å flytte stein i elvane få meir eller mindre vatn i Vikeelva og Plassaelva. I den tida ein hadde kvernhus langs elvane var det kamp om vatnet i tørre periodar. Langt tilbake var det neveretten som gjaldt, seinare kom det visst ein dom som sa at Vikeelva skulle ha vatnet 3 dagar og Plassaelva 2 dagar.


Tørrskodd stiPå sørsida av elva, om lag der den nye vegen frå 1990 går i dag, så var det også ein gamal sti. Den var meir myrlendt og tung og gå, og gjekk opp til Søre Kleivane, der det står ein planke ein kan kvila på i dag. Frå der kunne ein, om ikkje elva var for stri, krysse over og gå inn på den stien som me no kallar Gamle Fjellstien, like innafor Kleivane.

Me hadde som mål å få den Gamle Fjellstien «joggeskotørr», no er ikkje det så enkelt med det været me har her, men om ein har Gore-Tex joggesko, så skal ein vel kunne komme seg opp tørr på beina. Om ein ser gamle bilete frå Vikestølen, så ser det ut som om folk kom seg opp med både låge sko, dressar, side kjolar og hattar, så stien skulle ikkje skremma nokon. Hugs også at det er betre for anklar, rygg og balanse å gå i terrenget, denne stien vil nok også opplevast som mindre bratt enn å gå opp grusvegen, sjølv om ein vinn like mange høgdemeter.



Legg og merke til ved berget ved Kleivane, det heng eit skilt som syner kor Kleivane er, her har isbreen grove ut eit kvilesete som ein kan sitja på. Det skal vera to til, dei vil bli grave fram etter kvart.

Me har latt det stå att ein og annan gamal avkutta brakjestubb med mose på, for å heidra dei som for lenge sidan var dåtidas sti-ryddarar.

Den Gamle Fjellstien forbi Kleivane er nok den stien flest vikebuar har trødd på opp gjennom tidene, så no vonar me to som har ferdas på gjengrodde stiar at den stien skal haldast open framover av ivrige turgåarar.

 

 
 
 
 
 

Sjå fleire gamle bilete herr


Likar du Vikebygd.org?

Følg med på Twitter
Totalt 140 079 besøk i 2015. Hits:  4 147 074.

til hovudsida for Vikebygd


xxx
-
Kommunereforma
Kyrkja gjennom 800 år
Vikestølen gjennom 116 år
Vikebygd i Hgsd. Avis
Vikebygd i Grannar.no

Følg på Twitter - her


Vêrvarsel for Vikebygd
ORD FOR DAGEN I DAG
Skuledagen 2015-2016
Ledig jobb i Vindafjord
Pollenvarsel YR.no

Andre nettstader

Frå tidlegare

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Fotoalbum
KFUK-M Speidarane

Anna Info

 
2016
Juli
På attgrodde stiar
Dugnad for Bygdahuset
Juni
Vikestølsmøtet 26.6.
Nytt i Vikebygd i juni
Olabilløpet i Lio 24.6.
St.hans feiring 23.6.
Vigsel og dåp i parken
Dugnad på "Årvik skulehus"
Tre nye flytebryggjer
Dugnad i båthamna
Trafikksikring av Plassavegen
Mai
Speidarleir på Blikshamn
Sentrale tomter til salgs
17. mai feiringa
Minnestøtta
Vikesprinten 1.5.2016
April
Vikeputten 30.4.2016
Garasjesaldagen
Christian Stejskal -
Nutakassane på plass.
Mars
Bedehusbasar og årsmøte.
Turorientering og postar.
Kulturettermiddag 15.3.
Konfirmantane med bøsser
Merka løype til Sætrefjellet
Årsfest for speidarane
Februar
Felles årsmøte Vik og Skjold
Vinter, sol og fjelltur
Idrettsliv i Vikebygd
Svaner på isen
Januar
Vinter i Vikebygd
Tur til Vikestølen
Juletrebrenning i Lio
Bilete frå farne tider i bygda
Ordførar sin Nyttårsfest 3.1.
2015
Desember
Tradisjonsrik juletrefest
Mann av huse til kyrkje
Konsert med lokale krefter
60 unge med levande lys
Konsert med koret Scala 4.12
Korpsmusikk og fakkeltog
Grendautval og flyktningar
November
Julemesse på Bygdahuset
Flyktningar til kommunen
 

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2015
2014
2013
2012

2011
2010
2009
Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.
Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD.

Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org