Korpset varma opp før julegrana fekk lys
Utkledd i sine tradisjonelle julehattar stilte korpset seg opp i kulden utanfor Vikebygd Landhandel. Butikksjefen sjøl, Gunn Vikingstad, måtte få inn vikar for seg i butikken. I kveld var det ute det skulle skje.
Lysa frå butikken og gateljosa skubba mørkret litt til sides. Dei eldste i flokken som samla seg på Vikevegen utanfor Jokerbutikken, hufsa på skuldrene og knappa frakken godt igjen. Lengta etter å koma seg inn i omnskroken igjen.
Dei yngste såg ikkje ut til å uroa seg for at temperaturen kraup under 0 grader. Eit flakkande lys frå bålpanna ga liv og adventstemning når korpset stilte seg opp i en halvsirkel. 50-60 vikebuar kom i tillegg. Ennå var treet mørkt då korpset spela opp.
Etter nokre nummer med kalde fingrar som trykte ned ventilane på messinginstrumenta, tok dei ein pause. Gunn fekk heile flokken som var samla der med på nedteljing frå 10. Og så kom straumen på og korspset kunne igjen spreia sine vakre tonar ut over bygdesentrumet. Ola Harald heldt seg i bakgrunnen, inne ved lagerdøra. Her sjenkte han opp gløgg til alle som ville ha. Rosiner og mandlar, kombinert med pepparkaker, var menyen.
Så dukka ein litt meir spektakulær gjest opp. Vilde hadde kledd islandshesten i julefargar og med nisselue på. Saman med Cassandra og Aleksander kom ho leiande på hesten som macha godt til luene som Gunn hadde utstyrt korpsmedlemane med. Ein flott deltakar der utanfor butikken.
Kva årstal starta tradisjonen ?
– Eg overtok butikken i januar 1999, fortel Rolf Alne. – Eg trur at eg var den første som tok til med å tenne lys på juletreet ved butikken, advent 1999, seier han. – Då har tradisjonen halde på i 18 år.
Så mimrar vi litt om situasjonane som oppstod då ungdommar stal juletreet og tok dette med bort på skulen. Saka vart meldt til politiet, minnest han og hadde mest vondt av dei som kom i politiet sine klør etterpå. Eit anna år var han på reise og andre tok hand om juletreet. Det i frå året før vart sett opp.
Musikk og graut på Gamlatunet
Dei første åra var arrangementet i kombinasjon med m.a. på Plassabakeriet. men i mange år nå har det vore på Gamlatunet det skjer.
Det vart ikkje fakkeltog i år.
Utlodding på gratis lodd som vart delt ut, høyrer med. Gunn stod som ein auksjonarius oppe på muren og ropte ut loddnummer.
– Faklane eg bestilte er ennå ikkje komne, sa Gunn og oppfordra alle til å ta seg ein tur på Gamlatunet der Jakob og Anita var klar med risgrauten klokka seks. Den fekk bein å gå på når gjestene strøymde inn for å få litt adventstemning til tonane av korpset som spela på loftet. Her sat dei i peisestova utanfor dei to romma som utgjer biblioteket i Vikebygd.
Om kommunen ikkje ville halda ope bibliotek lengre, så tok Jakob og Anita denne utfordringa på strak arm. Bøkene dei fekk overta frå biblioteket er også fornye. Mange tek med seg bøker dei sjølv har lese og donerer dei til biblioteksamlinga her på Gamlatunet. Eit stort og flott oppussa hus i gamald stil. Så flott restaurert at Jakob fekk kommunen sin Byggeskikkpris for dette arbeidet. Nå er her ope på onsdagskveldar der bygdefolket kan kombinera prat, kaffi, kake og hunger etter lesestoff.
Nå har tonane frå korpset stilna av oppe på loftet i Gamlatunet her like ved Vikelva som fører vatnet ut i Ålfjorden, etter at det har gjort si teneste i å produsera elektrisk kraft i turbinane som Jakob er medeigar i oppe ved Djupavad.
I desember skal juletreet få skina utanfor Joker butikken i lag med Gunn sin kreative julepynt.
—
Invitasjonen
Det skjedde i 2008
Tenning av julegran
(5.12.08) Fredag 5. desember var det tenning av julegran i Vikebygd med fakkeltog frå butikken og ned til plasset der ein m.a. kunne få kjøpt seg julegraut.
Nye kommentarar