Ein 17. mai med mange talarar
Ei tradisjonell feiring av nasjonaldagen i Vikebygd, med flagg, tog, leiker, is, brus og glade born. Og mange talar. Men vi sakna korpset med hornmusikk i toget.
Flagget var alt oppe på Trodlanibba då folk flest fekk på seg finstasen. Mange valte å starta dagen i lag med speidarane som heisa flagget i Parken ved kyrkja, klokka 9:45. Her var det Håvard Tveit som tala rett før speidarane fekk flagget til topps og kunne helsa flagget.
Til trommer gjekk speidarane og folket opp til kyrkja og fann seg plass der før speidarane kom inn i flaggborg. Sokneprest Torgeir Vea kunne tala til folket framme frå koret, omkransa av speidar med flagg på begge sider.
Etter gudstenesta var det tre 7. klassingar frå Vik skule, som tala. Dei minnast sjømenn frå Vikebygd som ga sitt liv for freden under krigen 1940-45. Tok m.a. også fram bakgrunnen for flagget, demokratiet og grunnlova vår og kor flott ei bygd vi har. Ein flott og godt gjennomarbeida tale, var det. Tusen takk. Kransen var lagt ned ved minnestøtta, og dei falne sjømenn frå 1940-45 vart heidra av ungdommen.
Talarar: Selma, Elisabeth og Reiar.
Så var tida inne for å gå i tog frå kyrkja til bygdehuset. Musikken kom frå ein høgtalar, men trommene var på plass i toget. Vi sakna korpset. Kan vi få dette til eit anna år?
Folk i tog gjennom bygda for å markere nasjonaldagen. I Norge er borna i sentrum for feiringa.
Nede ved ved sjøen vart toget helsa av ein politibil med blinkande blålys og to smilande, men væpna, politiar. Vi skulle få kjenna oss trygge på nasjonaldagen, der politiet passa på oss.
Politiet på vakt. Born og unge syntes dette var eit spennande og kjekt innslag.
Ved bygdahuset var det kafé, konkurransar, leiker, pølser, is og brus. Lapskausen smaka godt og det same gjorde kake og kaffi etterpå.
På idrettsplassen vart det fotballkamp mellom vaksne og born. Utkledde i alt anna enn fotballdrakter. Løye vart det, og det var meininga.
Så slutta dagen på Bygdahuset der hovudtalar, Gunn Vikingstad hadde talen for dagen. Ein god tale, der ho ynskte fleire til å finna seg ein plass i bygda og for oss å ta vel imot dei.Vikebygd har potensiale, dugnadsånd og samarbeid. Det skal kjenneteikna oss også framover. Ho vektla kor viktig bygdahuset er og har vore. Bygd på dugnad og drive på dugnad. Eit samlingspunkt i bygda. Ho oppfordra oss til å tenkja gjennom kva vi kan gjera for at folk skal trivast og kjenna seg velkomne i bygda der det ofte er JA å høyra til dugnad og innsats.
Vi takkar for dagen til alle som har engasjert seg i ulike oppgåver for å få til arrangementet. Takk for din innsats denne solrike og varme dagen.
Nye kommentarar