


by Steinar Skartland · 23. juni 2019
Alle aldersgrupper, frå 90 år til 0, deltok på Bryggjebakken då Vikebuen tende opp bål på Sankt Hans afta klokka seks. Sol og sommar freista mange til å ta med seg grillmat til strandkanten og grillhytta. Andre forsymte seg av kaker brus og kaffi som Vikebuen-damene selde frå kafé-teltet utanfor båtlaget si hytte.
Flott å sjå at så mange, både familiar, gamle og unge, ville vera saman. Grilla, prata og nyta sola i strandkanten ved båthamna. Ute på fjorden var det ein og annan båt som kom eller gjekk. Det var stilt og flott utpå også.
Det mangla berre trekkspel musikk og ein svingom på plenen. Eller kanskje ein tryllekunstnar til å dra ei kanin ut av hatten? Men dei vaksne benka seg rundt borda ved grillhytta og borna leika i vasskanten. Det var søndag, SanktHans afta og me var der.
Bålet brann innvortes. Men dei store, tjukke stokkane var nok litt fuktige. Dei stod der ennå på høykant når folk rusla heim i åtte-tida. For då var det slutt og ikkje lengre mogeleg å få seg meir kake. Grillane var i ferd med å kolna, men sola stod ennå høgt over åsane i Sveio.
Då eg var liten gut fekk vi vera opp til midnatt denne dagen. Båla skulle ikkje tendast på før sola gjekk bak åsen. Ein skulle sjå lysa frå bål etter bål på hi sio av fjorden og utover Naustvika. Og på Sveio-sida kunne dei sjå lyset frå båla langs strendene i Austre Vikebygd.
Undommane sat gjerne ved det nedbrende bålet utover natta. Kanhende dei prata eller song eller hadde med seg noko godt på innerlomma.
Men det var før i tio. Nå går dei heim for å sjå på fjernsynet – og tønnene i Bergen og Ålesund brenn godt i år også.
23. juni kl. 18:00 arrangerer Vikebuen St-Hansfeiring på Bryggjebakken ved båthamna. Ta med deg grillmat og bli med.
Konfirmasjonsgudsteneste i Vikebygd
Flaggheising v/speidarane i parken: 09:45
Gudsteneste i kyrkja kl. 10:00
Tale og kransenedlegging ved minnestøtta 10:50
Folketog frå kyrkja til bygdahuset kl. 11:00
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar