Heimar og folk i Vikebygd – Bestill bygdeboka for Vikebygd nå!
Heimar og folk i Vikebygd
Heimar og folk i Vikebygd er ei nyskriven busetnadssoge i to band for «Perlå ved Ålfjorden», Austre Vikebygd. Busetnadssoga tel over 1200 sider, og fortel om folket som har budd i Vikebygd heilt frå gamal tid og fram til notida. Bøkene fortel om levekåra på gardane, bruka og husmannsplassane. Det er lagt stor vekt på få fram einskildmenneska som har budd i bygda.
Det første bandet dekkjer Midtbygda, gardsnummer 324–333. I tillegg er soga om kyrkjene i bygda tatt med i dette bandet. Det andre bandet dekkjer grendene Nordabygda (gardsnummer 319–323), Sørabygda (gardsnummer 334–338) og Bjordal (gardsnummer 339–340).
Bøkene er laga på oppdrag frå Vindafjord kommune, og Universitetet i Stavanger har hatt ansvaret for utarbeidinga av verket.
Tinging og levering
Bøkene er ferdig trykte i slutten av november 2018, og kan såleis brukast som julegåve til familie og vener.
Bøkene kostar samla 999 kroner, og ein må kjøpe begge banda samla. Du kan betale for verket ved å sette rett sum inn på Vikebuen sin konto 3240.16.57737. Hugs å merke innbetalinga med namnet ditt.
VIKTIG! Når du kjøper busetnadssoga på denne måten tener bygdalaget Vikebuen samstundes 100 kroner per sett à to band, så du støttar lokalsamfunnet om du kjøper på dette viset.
Nye kommentarar