Bygdebok for Vikebygd i butikken
Manuskriptet til bygdeboka for Vikebygd blir no lagt ut på Joker-butikken i bygda. Frå onsdag 11. og fram til 23. april blir det mogleg for vikebuar og andre til å bla i manuset og kontrollera innhaldet.
Prosjektleiar Nils Olav Østrem fortel at rettingar og kommentarar til Vikebygd-manuset må sendast til medarbeidarane i prosjektet. E-postadresser og mobilnummer blir informerte om i manuseksemplaret som frå onsdag ligg ute for høyring på butikken i Vikebygd. Bestillingsliste for Vikebygd-boka blir også lagt ved manuset på Joker. Østrem opplyser at det er håp om å få gitt ut bygdeboka for Vikebygd før jul.
Manuskriptet inneheld informasjon om alle familiar i Vikebygd frå 15-/1600-talet og fram til i dag. Både folk på gardsbruk, husmannsplass, bustad- og fritidseigedomar er omtalte i bygdeboka, som også vil innehalda bilete, kart og andre illustrasjonar. I tillegg er det historiske innleiingar om kvar gard, dvs. gardsnummer/matrikkelgard. Eigne grendesoger for Nordabygda, Midtbygda, Sørabygda og Bjordalsgrenda er også med i manuset.
Bygdeomtale av Vikebygd, i dag av mange kalla «Perla i Ålfjorden», er også med i det omfattande manuskriptet. Det er utarbeidd av Per Ivar Tautra, Kari G. Hempel og Arne Langhelle.
Mange bygdefolk har bidrege med opplysningar. Nils Olav Østrem nemner spesielt det store arbeidet Knut Arne Skartland la ned for Vikebygd-boka. I bygdebokutvalet er Signe Alice Birkeland og Ingrid Sørvåg aktive. Ingvald Svendsbø er medlem av utvalet. Bilderedaktør er Anne Berit Skipevåg Tveit.
Nye kommentarar