Kvamsåsen Rundt 2024
Veg og terrengløpet Kvamsåsen Rundt vart arrangert laurdag 2. november 2024, ette ein pause i 15 år. Sist arrangert i 2009.
I hovudløpet på 11 km deltok 41 menn og 13 kvinner. I tillegg kom fleire som gjekk løypa som turgåarar utanom løpet. For dei som syntes dette var for tøfft så var der ei 5 km løype, kalla halvkvamsen. Her deltok 19 løparar. Dei minste borna kunne stille i minikvamsen som var ei løype på 600 m. Her deltok 32 born.
Først i mål var Martin Nesse, Bratsberg IL, men tidlegare Vikebu, på tida 39,44.
Beste kvinne vart Iben Kvigne, Skjold, med tida 47:26.
Pengepremiar på 5000, 2500 og 1000 kroner gjekk til dei tre beste kvinnene og dei tre beste menna på Kvamsåsen Rundt løpet. I tillegg fekk dei med seg T-skjorte og medalje til minne frå løpet. 41 menn og 13 kvinner sprang ut og alle 54 kom i mål.
Beste kvinner: 2.pl. Vivian Kyte Stegaberg IL (50:22); 1. pl. Iben Kvigne Skjold (47:26); 3. pl. Ida T. Bjørhovde Haugesund (50:49).
Beste menn: 2. pl. Eirik Renna Eilertsen, Stegaberg IL (41:08); 1. pl. Martin Nesse, Bratsberg IL (39,44); 3. pl. Lars Nesse, Bryne løpelag (42:26). Både Martin og Lars Nesse er vakse opp i Vikebygd, men spring nå for andre lag.
Bilete frå starten av det 11 km lange løpet som først gjekk på asfaltert veg nord til Årvik, deretter gjennom skogen til Tre og Kvamshamn. Her møtte dei ein kraftig motbakke på grusvegen opp til Kvamme, før dei siste 2 kilometrane gjekk på asfalt attende til idrettsbanen ved bygdahuset.
Presis klokka 13:00 gjekk starten for det 29. løpet: Kvamsåsen Rundt, i Vikebygd. På startstreken stod 41 menn og 13 kvinner klare for å leggja ut på ei 11 km lang løype. Først 5 km på asfalt. Deretter gjennom skogen på blaute stiar, opp den bratte brekka frå Kvamsstøa, før den siste kilometeren på asfalt fra Kvame til mål.
Her vart dei møtt av heiagjengar og Anette Hetland som vinka dei i mål med det norske flagget.
Alle deltakarane fekk ein spesialdesigna medalje der det på baksida viste løypeterrenget inngravert. Petter Årvik var den som hadde designa medaljen. Eit flott minne til alle dei som deltok.
Petter Legøy Årvik deltok også sjølv i løpet rundt Kvamsåsen. |
Rune Hetland var konferansier og heldt alle oppdaterte gjennom løpet korleis løparane låg an. Observatørar ute i løypa rapporterte inn til sekretariatet. Sjølve tidtakinga var profesjonell og innleigd. Løparane vart utstyr med ei brikke som registrerte når dei passerte ut av starten og inn til mål.
Eit flott arrangement for heile familien som samla mange, både til idrettsaktivitetane og som tilskodarar.
Solveig og Bjørnis var med |
Siste mann i mål, men like blid for det, var Gisle Sellevold. Kanskje eldstemann i løypa, men ein sprek pensjonist som er stolt over ennå ein medalje for fullført løp. |
Nye kommentarar