Over 70 på Vikestølsmarsjen
Det er ein årleg tradisjon som nå kom i gang igjen etter to år med pandemi. Flott vêr og over 70 tok turen, enten opp skogsvegen frå Vikebygd eller frå Eikås på Bjoa.
Idrettslaga i dei to bygdene, Vikebygd og Bjoa, eig hytta og har velgd eit styre som tek seg av henne. Årleg er det nok over 1000 som tek turen innom. der dei også kan skriva seg inn i ei loddbok og vera med i trekninga av ein ryggsekk. I tillegg var det loddsal og utlodding oppe på stølen.
Å gå opp er ein fin aktivitet på første søndag i september. Alle som møter opp får diplom. I år var den teikna av Hallvard Øvstedal frå Vikebygd. Både born og vaksne deltok. Det var stort alderssprang mellom dei yngste og dei eldste, men alle kosa seg og sette pris på arrangementet på Friluftslivets dag, som vart arrangert den 4. september over heile landet. Nokre stader slo dei til med ei heil friluftsveke også.
På Vikestølen kunne ein kjøpa mat, kaffi og kioskvarer, og gjerne konkurrera i hesteskokasting. Den konkurransen var det stor interesse for, inndelt i 4 klassar: Kar, Kvende, Gut og Jente. Alle vinnarane fekk premie: ei drikkeflaske. For nokre er det vel flaks om hesteskoen landar rundt jernstanga, for andre er det lang erfaring med denne konkurransen.
For underteikna, som var så heldig å få mest poeng i klassen for kar, var det kanskje mest flaks? Men eg takkar for flaska og mest for ein flott dag der mange fekk kosa seg på Vikestølen igjen.
Hytta, den står der. Eit tidlegare tømra skulehus som vart flytta frå Bjoa og opp i fjellet då det ikkje var i bruk som skule lengre. Det har kome til nyttes i mange år, men treng nok til ei dugnadsøkt eller fleire for å få oppgradert det som vêr og vind har slite på i mange år. Slike dugnadsfolk har det vore mange gonger her oppe, og dei har gjhort ein god jobb. Men nye økter og dugnadsfolk må nok trø til saman med styret om hytta skal vera levande og aktiv i ei lang framtid. Uansett – stølen er der, og vegane er lettare å gå nå enn før. Ta gjerne turen.
Nye kommentarar