Feiring i sol og glede
Glade barn, vikebuar i bunad, korspmusikk og flagg. Etter 3 år kunne vikebuen igjen feira nasjonaldagen på den måten vi er vane med.
Flaggheising på Trodlanibba klokka 07:00 er ein tradisjon. I år var det sju sprekingar som tok turen til fjells med felles avgang klokka 5:30. Me andre låg litt lengre frampå, men i åtte-tida, då sola stråla ned over oss, kom det opp flagg på både flaggstenger og terrassar i heile bygda.
Syttande mai 2022
I parken nedanfor kyrkja vart flagget heisa klokka 9:45, slik tradisjonen er. Speidarane stod samla i halvsirkel og Håvard Tveit hadde ein kort tale før flagget vart heist og speidarane fekk ordren: Speidarar, hels flagget!
Deretter var det korpset sin tur til å spela nasjonalsongen, før dei toga opp mot kyrkja, i spissen for speidarane og bygdefolket. Speidarane stod med flaggborg ved inngangen når folk gjekk inn til gudstenesta, og dei stod framme i korret med flagg på begge sider, under gudstenesta.
Speidarar og flagg
Jo, det høyrer med i vår feiring syttande mai. Inngangsprosesjon med speidarar medan folket stod. Deretter kunne vi stemma i med dei kjende songane som priser landet og fridomen vår, og til musikk av bygda sin eigen dyktige og engasjerte organist: Arne Tveit.
Det er lett å syngja til god musikk. Både til orgelspelet i kyrkja og til korpsmusikken utenfor kyrkja. Det høyrer med og vi er svært takksame for alle desse som stiller opp for å gjera dagen til ein skikkeleg festdag.
Sigfred prest
Talane til Sigfred Sørensen står det respekt av. Han meistrar å tala så folk i alle aldrar set musestille og lyttar. Både til kor viktig denne fridomen vi har i Noreg er og kor viktig det er at vi tek vare på jorda vår og tenkjer på miljøet. Vi vart også minna om at det ikkje er sjølvsagt at vi har fridomen og på dei som nå opplever krig og ufred.
Det høvde å sitera frå Fedrelandssalmen vår: «Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggjer.»
Etter gudstenesta var det tid for å leggja ned krans på minnesmerket over dei sjømenn som kom bort under krigen. Det var det 7. klassingane i Vikebygd som hadde ansvaret for. Tre ungdommar som hadde sin tale i lag og la vekt på kva dei meiner er flott med syttande mai, fridomen og bygda vår. Takk for flott tale og for ei minnestund over dei som ikkje fekk oppleva freden, men måtte bæøta med livet i kampen for at vi skulle få eit fritt land.
Då klokka nærma seg kvart over elleve på føremiddagen stilte bygda opp i tog. Ikkje eit protest-tog, men eit gledestog. Flaggborg i spissen, så kom musikkorpset, deretter barnehagen og skulen, før alle som hadde lyst kunne stilla seg opp. Det vart eit langt tog som gjekk frå kyrkja, nedforbi «Plassabakeriet», vidare forbi eldrebustadane og opp til bygdahuset. Med sol og festkledde folk som også innimellom ropa hurra, vifta med flagg og kanskje også song med når korpset spela. Vi er stolte over bygda vår. Over korpset, speidaren, barnehageborna og skuleborna. Vi er stolte over at folk stiller opp i lag i fest og glede for å feira fridomen.
Vel framme på bygdahuset var det open kafé der ein kunne kjøpa middag og kaker til ein svært rimeleg pris. Alle skulle ha råd til å eta seg mette her. Deretter var det leiker og konkurransar, før dagen gjekk over i gratis festarrangement med born og vaksne som framførte flott musikk og song. Tale for dagen med Håvard Tveit, premieutdeling frå konkurransane og ikkje minst, det vi alle hadde venta på: Den flotte filmen som borna i skulen hadde lage og fått proffesjonell hjelp til å redigere. Ein film om skulen og barnehagen som alle er glade i og støttar opp om. Det var imponerande det som borna her hadde fått til. Det står det respekt av.
Så kom timen då vi gjekk heim, kvar til oss. Nokre for å slappa av etter ein travel festdag. Andre kanskje for å feira meir saman med familie og vener. Kanskje var det ei kake på lur der heime og.
Takk for ein fin dag som mange bidrog til. Vikebygd er ei dugnadsbygd, og folket stiller opp, store og små, når det trengs.
Nye kommentarar