Flott feiring og opning av bru 17. mai
Feiringa av nasjonaldagen vart variert og pynta med sol store deler av dagen i Vikebygd. Det starta med 23 vikebuar som song «Ja, elsker» medan flagget gjekk til topps på Trodlanibba klokka 07:00. Speidaren heiste flagget i parken kvart på ti, også i år til korpsmusikk. Det høyrdes ut som dei hadde hatt øvingar i lang tid, men her er mykje god og lang kompetanse. Korpsmusikk høyrer med til feiringa. Takk til korpsmedlemmene som stiller opp år etter år. Deretter fekk folk samlast, med avstand, i kyrkja. Ei gudsteneste der Sunniva tala over preiketeksten. 7. klassingane la ned krans ved minnestøtta og hadde talen for dagen.
Folketog i kohort og traktor
Folketoget vart ikkje til fots i år heller. I staden køyrde ei lang rekkje med traktorar i tog, med folk på tilhengarane. Kvar familie i sin kohort, mens andre stod langs vegen, vinka med flagg o g ropa hurra for syttande mai. Frå hengarane kunne høyrast song av nasjonalsongar når traktorane køyrde langs vegen, sør til kyrkja og tilbake langs sjøen og opp Naustvikvegen.
Så kom ei lang kortesje med veteranbilar og veteranbussar gjennom bygda, frå veteranbilklubben i Vindafjord og Etne. Mest som ein ikkje fekk tid til å vera heimom til middag, før folk frå Bjoa og Vikebygd skulle ut igjen. Denne gong opp til Skrubbasmog og Bastlia.
Ny veg med bru over Dalselva gjer at folk nå lett kan gå eller sykla på god turveg frå Vikebygd til Dalsbruket og Bjoa. Kjetil Skartland heldt talen før nokre unge jenter frå Bjoa og Vikebygd hadde oppdraget med å klyppa snora og erklæra brua for opna. På begge sider av Dalselva hadde det samla seg folk frå Vikebygd og Bjoa. Dei venta spent på at snora skulle verta klypt og dei kunne gå over den flotte gangbrua, nokre for fyrste gong. Andre hadde alt vore der fleire gonger og delteke i arbeidet.
Vi kan berre sei til alle dugnadsfolka: Takk for brua. Og til alle i bygdane her: God tur.
Nye kommentarar