

by Steinar Skartland · 1. desember 2019
Søndagskvelden, 1. søndag i advent, var det julgateopning hos Gunn og Ola i Naustvika. Fullt av blide andlet i garasjen då Gunn Vikingstad ynskte velkommen og Ola Harald tente lysa. Etterpå vart alle inviter inn i utestova til kakao og kaker.
Tusen takk, Gunn og Ola. For eit flott initiativ, kaker og kakao.
Gunn heldt ein liten tale for dei frammøtte, ynskte velkommen til arrangementet og fortalde om julekalenderen ho har laga. Kvar dag fram til jul blir det sett opp eit lysande tal forskjellige plasser i bygda. Kalenderen presenterer også aktivitetar i Vikebygd fram til jul.
Inne i utestova var det fyr i omnen og kaker på bordet til gjestene. Ola hadde kakaoen klar og serverte gjestene etter som dei kom inn.
Men Gunn har tenkt lengre. Ho har laga sin eigen julekalender for Vikebygd. Kvar dag blir eit lysande nummer sett opp ein stad i bygda. Kalenderen fortel kor det er. Men også kor det skal skje noko anna kjekt i Vikebygd.
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar