

by Steinar Skartland · 31. oktober 2019
Mange gjekk opp til hytta i Longåsdalen onsdag 30. oktober. Hytta er open siste onsdag i kvar månad, frå oktober til april, frå kl. 18.30 til kl. 20.00. Då vil det vera fyr i omnen og servering av nykokt kaffi på Longåsdalshytta.
Ta på deg hovudlykt og få ein fin kveldstur og koseleg drøs på hytta.
Det var 18 vaksne som nådde opp til hytta i Longåsdalen onsdag kveld. Dei fleste sterta på eit tidspunkt du sola var gått ned og mørkret senka seg over skogen. Utstyrte med hodelykt og med ein traktorveg å følgja, var det likevel lett å koma fram. Inne i hytta var det stearinlys, fyr i vedomnen, kaffi og kaker. Og ikkje minst ein god prat utover kvelden. Erfaringa frå ein tur i joggesko er nok at støvlar eller gode fjellsko er rette føttøyet på ein litt blaut skogsveg og ein tur som tek bortimot ein time kvar veg,med start på Bjordal. Her var både vikebuar og skjoldabuar samla i lag.
I helga hadde speidarane i Vikebygd vore der på hyttetur, så Longåsdalen er flittig brukt.
Konfirmasjonsgudsteneste i Vikebygd
Flaggheising v/speidarane i parken: 09:45
Gudsteneste i kyrkja kl. 10:00
Tale og kransenedlegging ved minnestøtta 10:50
Folketog frå kyrkja til bygdahuset kl. 11:00
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar