Handle lokalt dagen
| – Laurdag er «Handle Lokalt dagen«, fortel Gunn Vikingstad. – Då byr me på nysteikte «tjukkasar», ekstratilbod og kundelotteri og håpe at dette er noko bygdefolket har lyst å delta på. Merkur/Distriktssenteret står bak kampanjen og Joker Vikebygd er sjølvsagt med!
Nærbutikken er heilt sentral for å oppretthalde ei levande bygd. Daglegvarer i nærmiljøet, sosial møteplass og lokale arbeidsplassar er nokre stikkord.
Slår eit slag for lokal handel
Handle lokalt dagen har fokus på at nærbutikken må nyttast om ein vil at den skal bestå. Det betyr mykje kva val du gjer i kvardagen:) Merkur har sendt ut følgjande pressemelding:
Nærbutikkar over heile landet oppfordrar bygdefolk til å handle meir lokalt. Laurdag 19. oktober blir det aksjonsdag for lokal handel på Joker Vikebygd.
«Handle lokalt – velg nærbutikken» er slagordet for kampanjen, som blir arrangert i samarbeid med det statlege Merkur-programmet for distriktsbutikkar.
Kampanjen vil fokusere på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter
og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasje og stimulere til meir lokal handel.
Det er venta at 400 butikkar over heile Norge vil delta i den nasjonale kampanjen for lokal handel.
– Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde både nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Vi ønskjer å takke kundane for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda, seier seniorrådgivar Aina Sofie Brox i Distriktssenteret.
Nærbutikkdagen blir markert på ulike måtar. Dei fleste butikkane tilbyr kaffi og kaker til kundane sine denne dagen. Mange legg opp til ekstra aktivitetar i butikken. Nokre butikkar går ut med spesielle tilbod. Andre nyttar anledninga til å invitere ordføraren på besøk.
På Joker Vikebygd kan me friste med nysteikte «tjukkasar», ekstratilbud og gratislotteri for dagens kunder.
– Merkur jobbar for å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. På den måten kan vi sikre utsette butikkar og skape eit miljø rundt lokalbutikken. Utan butikk er det vanskeleg å få til vekst og tilflytting i ei bygd, seier Aina Sofie Brox.
Nye kommentarar