Fullt hus på basar til Sjømannsmisjonen
Då den lokale sjømannsforeninga arrangerte sin sommarbasar på bedehuset samla dei 65 gjester i salen. Mange fleire hadde kjøpt lodd og gevinstane var mange. Pensjonert Sjømannskyrkje-veteran Dagfinn Misje, har framleis eit stort engasjement dei norske kyrkjene i utlandet, m.a. frå Gran Canaria. På denne basaren var han invitert til å tale og å fortelje om sjømannsmisjonen sitt arbeid.
I tillegg hadde Kristian Frøyland og gjengen med songarar fleire innslag der dei song til musikk av trekkspel og gitar.
Dagfinn Misje sørga for å halda stemninga god med vistar og historiar gjennom kvelden. Då dei kom fram til loddtrekninga, var det også han som tok seg av trekkjeapparatet. Det gode gamle med nummererte kuler. Sjølv om det var berre eitt åresal i tillegg til loddbøkene, så tok det tid å fordela alle gevinstane. Forening var svært nøgde med resultatet og pengane dei nå kan senda vidare til drift av sjømannskyrkjene. Kanskje så mykje som 40.000 kroner denne gongen.
Det er ikkje så mange sjøfolk som kjem lengre når skipa er i hamn. Kort liggjetid og mindre norske som siglar på skipa, kan merkast. Men derimot er det i mange kyrkjer stor tilstrøyming av turistar og trailersjåførar.
Dei fleste av dei som står på i arbeidet for sjømannsmisjonen i Vikebygd har nådd høg alder. Imponerande at dei vel å halda fram år etter år. Men her er nok glede både i å koma samen til møter i foreninga og til å kunna senda penger til arbeidet dei støttar opp om.
Nye kommentarar