Knallvarmt siste veka i juli.
Fram til midten av juli (22.7) var det heller kjølige temperaturar i Vikebygd, men også her slo knallvarmen til i siste del av juli, med over 30 grader.
Både høge og låge temperaturar i Vikebygd i sommar
22. juli var maks temperaturen berre 17 grader i lufta. Dagen etterpå viste termoteret 21 grader og steig litt for kvar dag. 26. juli vart makstemperaturen i Vikebygd målt til 31,4°C av YR.NO. Dagane etterpå kunne folk kosa seg med sommarvarmen på strendene i bygda og mange syntes dette var i meste laget. Med sol på blå himmel så kunne det bli svært varmt i sola og der ein kunne setja seg i ly for vind. Etter nokre dagar seig temperaturen ned over igjen mot 20-25 grader, og mange syntes det var ein ok temperatur.
Ute i Europa vart det fleire stader målt temperaturar over 40 grader i juli. Her heime kan vi vera glade for at det ikkje var på det nivået vi fekk oppleva. Men forskarande melder om at temperaturen på jorda er aldri før målt så høg som i juli i år (så lenge dei har målt og registrert temperaturen). Vi som bur på Vestlandet og med havet rett utanfor oss, vil nok stort set frå temperaturar vi kan leva med, men å må rekna med aukande nedbørsmengder og meir vind. Kraftig nedbør kan føra til auka fare for flaum og jordras.
Sommaren 2019 kan slå alle varmerekordar.
Ute i verda er det derimot land som opplever at vatn er ein sviktande ressurs. Tørke som følgje av klimaendringar fører til at område som vi har sett vår lit til skal vera kornkammer og gje oss tilgang på mat, får aukande problem med tørke. Andre stader melder om flaum som set vegar, åkrar, hus og kjellarar under vatn. Har vi menneska ressursar til å gjera noko med dette – og har vi vilje til det?
For å sjå siste oppdatering i dag frå YR.NO, kan du klikke her.
–
Nye kommentarar