

by Steinar Skartland · 11. februar 2019
Thomas Gausvik, dagleg leiar i TG Bygg, viser stolt fram huset han har sett opp i Liotoppen i Vikebygd. To-mannsbustad, kvart husvære på 82 m² – på ei flate. Her er stor stove med kjøkkenkrok, 3 soverom, bad, bod og attpå til garasje. Og prisen er ikkje skremmande. 2,3 mill. står det på prislappen. Lys og varme er styrt av teknologi og når ein vaknar om morgonen og set føtene på golvet, kjem lyset på. Opnar døra seg om natta går melding til ein ekstern mobiltelefon. Rett ut frå terrassedøra blir uteplass med plen. Her er gode solforhold frå morgon til kveld (når sola kjem gjennom skyene).
Jo, dette huset burde vera noko både for yngre, teknologi-interesserte og eldre som vil ha eit smarthusklart husvære, med alt på ei flate. Ein bustad dei kan flytta til når det gamle huset deira blir for tungvinnt i kvardagen.
På dei første visningane av huset var det ein del interesserte som kom innom. Også frå kommunen som han ynskjer samarbeid med og har tilvisningsavtalar med frå før. Thomas viser til kostnadane det er med å ta eldre inn i sjukeheim og omsorgsbustad og meiner det er mykje å spara på å tilretteleggja smarthus der eldre kan bu lengre heime.
Om det berre var ein innom på visninga på laurdag uroar han ikkje.
– Det tar normalt 3-4 månader å selja eit slikt hus på bygda, fortel Thomas, som alt har seld det eine av husværa i denne tomannsbustaden. Ut gjennom glaset kan vi sjå nabo-tomta. Her er grunnarbeidet gjort og røyra lagde. Det er klart for å starta på neste tomannsbustad som er lik denne dei har ferdig.
– Me set ikkje i gong med neste hus før me har kjøpar til den siste leiligheita, fortel Thomas Gausvik som har tru på at marknaden vil ta seg opp. – Når eldre flyttar inn i ein enklare og tilrettelagt bustad, så er det yngre med familie som overtek og pussar opp det gamle huset deira. Så dette vil gje tilflytting til Vikebygd, trur han.
Beskrivelse
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar