

by Steinar Skartland · 25. november 2018
Søndag søndag 25.11., var det felles gudsteneste for Skjold, Vikebygd og Vats. Prost Rune Steensnæs Engedal stod for innsetting av den nye soknepresten, Kristian Kyllingstad. I same gudstenesta fekk kyrkjelydane takka John Ådnøy for tenesta som sokneprest frå 2013 til i dag.
Preika tok Hon Ådnøy seg av, mens Kristian Kyllingstad innleia nattverden som denne dagen var kombinert med bønevandring i kyrkja.
Det var mange frå alle bygdane som kom for å oververa innsettinga av den nye soknepresten.
Prost Rune S. Engedal leia forbøna for den nye soknepresten, saman med representantar frå sokneråd og kyrkjelyd.
-Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi før ein igjen samlast i kyrkjeskipet til helsingar, talar og gåver til ny og gammal.
Jon leverer stafettpinnen vidare til Kristian.
Kristian Kyllingstad er berre 36 år, så Jon meinte at med dei nye pensjonsreglane så kan han sjå fram til 35 år med tenste i Skjold, Vikebygd og Vats.
Kunngjeringa av arrangementet:
Velkommen til gudsteneste i SKJOLD kyrkje søndag 25.11. kl 11:00. Kyrkjelydane i Skjold, Vikebygd og Vats takkar Jon Ådnøy for tenestetida og ynskjer ny sokneprest, Kristian Kyllingstad velkommen til å overta.
Kyrkjekaffi / samvær etter gudstenesta.
Velkommen
Flaggheising v/speidarane i parken: 09:45
Gudsteneste i kyrkja kl. 10:00
Tale og kransenedlegging ved minnestøtta 10:50
Folketog frå kyrkja til bygdahuset kl. 11:00
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar