Frå Jøtulsbrua til Svartaløa – endeleg
Nå er ventinga over. Roald si illustrerte reise – frå Jøtelsbrua til Svartaløa – er komen frå trykkeriet. På omslaget står eit dikt av forfattaren:
Eg ber ei tung bør, men ho let seg ikkje vega
Eg skodar mot synsranda, men eg kan ikkje sjå
Eg går og går, men eg står i ro
Måtte børa letna
Måtte augo atter det vakre sjå
Måtte føtene ein dag like lett som hjorten trå
– Frå mi side er boka ei hyllest til Vikebygd,
fortel Roald.
Me kjenner han som den som har merka stiar i Vikefjella. Nye og gamle, på kryss og tvers.
Kor mange steg og meter det har vorte til saman, veit vel ingen. At folket i bygda set pris på dette, fekk utrykk gjennom kommunen sin kulturpris og kåringa til årets vikebu.
Nå tar han oss med på turane. Opp i fjellet, langs vegen og ut på fjorden. Me kjenner oss igjen i mange av bileta. Minnest at – der har me vore ein gong. Andre bilete viser noko nytt. Spennande. Noko me kan drøyma om. Stader og plassar der Roald tar oss med under skiftande årstider.
Dette er ei bok mange gler seg til å bla i. Nå er ventinga over.
5. november kan boka kjøpast på:
- raatassen.no
- Joker Vikebygd
- Aksdal Bok og Papir
– Eg byrjar utkøyring av bøker til dei som har tinga på førehand, søndag 28.10, fortel Roald,
– men eg har berre fått første sending av to sendingar med bøker, resten kjem neste veke.
Opplag er på: 493 bøker. Det vert berre trykt eit opplag.
Halvparten av overskotet etter skatt vil Roald gje til Vikebygd bygdahus.
– Då får eg gjeva noko attende til bygda som stilte opp som motiv på mine bilete. Det er alltid viktig å dela med fellesskapet, seier han.
Forfattaren sin omtale av boka:
Ei ferd på kryss og tvers gjennom Vikebygd – Boka er ei skildring av, mest i bilete, men også i ord, ei ferd gjennom Vikebygd. Reisa startar lengst nord i Ålfjorden, ved Jøtulsbrua. Ho endar lengst sør i bygda, ved Svartaløa som ligg ved fylkesvegen på grensa til Skjold. Det er på desse to ferdselsårene, fjorden og fylkesvegen boka «flyttar» seg sørover, undervegs tek ein avstikkarar i alle retningar, høgt og lågt. Det vert tatt bilete av det ein kan sjå og oppleva på reisa.
Boka inneheld i overkant av 450 bilete, mest naturbilete, men òg av andre ting som forfattaren har lyst til å lyfta fram. For å knyta bileta i hop er det tekstar som skildrar: litt gammal og nyare lokalhistorie, ei og annan segn, fakta- og naturskildringar.
For forfattaren har denne reisa tatt om lag 10 år.
(Tekst: Roald Årvik / raatassen.no )
Nye kommentarar