

by Steinar Skartland · 7. september 2018
Friluftslivets veke er i år 1.-9. september.
Idrettslaga i Bjoa og Vikebygd fekk kombinere markeringa med Vikestølsmarsjen søndag 2. september, der over 100 deltok. Mange frå Eikås på Bjoa og andre gjekk opp bakkane frå Vikebygd.
På Vikestølen er dette eit tradisjonsrikt arrangement med sal av lapskaus, kaker og kaffi til dei som tok turen. Og sjølvsagt var det diplom å henta når ein betalte kontingenten.
Ute var det mange som prøvde seg på å vera best i hesteskokasting. Nokre erfarne og andre til fare for dei som oppheldt seg i nærleiken, då hesteskoa fauk både hit og dit. Ikkje lett å treffa pinnen på langt hald, men nokre greidde også det.
Andre valde å nytta fastspikra hestesko. Ein aktivitet mest retta mot borna som her kunne få prøva salen på hesteryggen. Men i slutten var det også vaksne som våga seg
opp på hestane til ein tur, godt påpassa av Anna Langhelle og Hanne Lillemo som begge har god kunnskap om hestar og riding.
Nokre få av turgåarane vlde ein annan veg heim enn dei oppgrusa skogsvegane. Stien om Trollafjellet var fin å gå denne dagen då sola skein over fjellet.
At Australsk Shepherd hundar likar vatn, var dette eit synleg bevis på. Hunden var uti kvar ein dam og vatn han fann.
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar