

by Steinar Skartland · 14. juli 2018
Monge nye har fløtta te Vikebygd, elle har komme her på ferie i di seinare åro. Så blir språkje blanda opp me litt av ditt og lit av datt og møkje i frå Haugesunn. Men kossen e de me så blei fødde her mens det endå hette Vikebygd Herad, snakka då?
Å telja i Vikebygd gjere me slik:
ein | to | tri | fira | fem | seks | sju | åtta | ni | ti |
edleve | toll | trettn | fjortn | femtn | sekstn | syttn | attn | nittn | tjue |
ein-å-tjue | to-å-tjue | tri-å-tjue | fir-å-tjue | fem-å-tjue | seks-å-tjue | sju-å-tjue | ått-å-tjue | ni-å-tjue | tretti |
førti | femti | seksti | sytti | åtti | nitti | hondre | tusen |
Navnå på plassane e endå meste sånn så di va før i tiå. Når monge av di slutta på a, så e det heilt rett.
Det hete: Alna, Bjoa, Sauda
Som andre sørvestlandske målføre e dialektå ett såkalla a-mål. Det e to gronnar te denne nemninjå. For det føsta endar infinitivsformene alltid på trykklett -a. Det heite: å hoppa, å pitla, å eta. I tillegg e den trykklette a-en òg ending i svake hokjønnsord, som i ei jenta, ei gryta.
Å så e det sånn atte når me bitte i samen to deler av ett navn, så gjere me de me ein -a-, og ikkje ein -e- såmm månge byfolk og austlendingar vil gjera det. A-bokstaven kjem her av genetivsform i gammalnorsk (Alnaåsen = Aln sin ås).
Så det e heilt rett nårr me seie:
Bjoafjorden (Bjoa kjem av Bjodr som på gammalnorsk betyr: Suppeskål)
Alnaåsen (Aln er underarmen og vart bruka til å måla med. Går vi litt lengre opp frå Alna kjem vi til Aksla, såmm betyr skuldra )
Trollanibba, Dyraskor, Skjeljavik, Skjoldastraumen osb.
Møkje flått å finna i dialektå våras. Må barre våga å broka na, å ikkje sjemmast av å broka dei utryddingstrua orå. Ja, det s sjølsagt lov å broka dei gamle orå åg nårr me ska skriva rett nynorsk.
Konfirmasjonsgudsteneste i Vikebygd
Flaggheising v/speidarane i parken: 09:45
Gudsteneste i kyrkja kl. 10:00
Tale og kransenedlegging ved minnestøtta 10:50
Folketog frå kyrkja til bygdahuset kl. 11:00
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar