

av Steinar Skartland · 18. mars 2018
Sol frå blå himmel låg over Vikebygd og fjellet var dekka av snø. Mange nytta helga til å gå tur på ski eller til fots. Men det var ikkje trong for å reisa langt. Løypene frå Eikås og frå Vikebygd opp til Vikestølen vart nytta av fleire vikebuar denne helga.
Natt til søndag fall temperaturen til under 10 kuldegrader i bygda. Men utover morgonen steig den sakte til plussgrader i sola. På Eikås kunne ein ta på seg skia alt på parkeringsplassen og gå på fast snø innover skogsvegen. Litt hardt var det då det har vore både mildvær og frost i seinare tid, men godt føre for ein fin søndagstur.
Oppe på Vikestølen vart snøen målt til over 90 cm på flatmark. -Det er ein auke på fleire cm dei siste to vekene, kunne Gunnar Birkeland konstatere etter at han hadde nytta tommestokken til å sjekka snødjupna.
Det er varsla vêromslag nå. Over helga kan ein få høgare temperatur og kanskje regn. Men det er grunn til å ru at det oppe i fjellet kan vera snø som kjem ned og sikrar skiføre også i påskeveka.
Vikefjella er gjort godt tilgjengelege med mange godt oppmerka løyper, noko vi kan takka Roald Årvik for. I fleire år har han tråla fjella og både rydda og merka dei gamle stiane, men også laga nye for at folk i bygdane her skal kunna koma seg ut i friluft og opp i fjella. Hans siste prosjekt er ein ny tursti opp til Våbrekkefjell.
Dt gode utvalet av turløyper kan du sjå på vikebygd.no der det er link til kart og orientering om kor løypene går.
Dato: 8. desember 2019
Tid: 17:00
Stad: Vikebygd kyrkje
Konfirmantar og speidarar deltek. Alle velkomne.
Dato: 12. desember 2019
Tid: 18:00
Stad: Vikebygd bedehus
Arrangement
Filmkveld på torsdag 12.12. kl. 18:00, på bedehuset. Julefilmen “The Star” blir synt. Den passar for alle, men dei under 7 år må vera i følgje med vaksen (sjå elles plakaten)
Dato: 24. desember 2019
Tid: 16:30
Stad: Vikebygd kyrkje
Alle er velkomne til å starta julefeiringa med gudsteneste i Vikebygd kyrkje, Julaftan kl. 16:30. Takkoffer til: Misjonsprosjektet. Tekst for dagen: Luk 2, 1-20. Gudstenestene julaftan i Skjold, Vats og Vikebygd er ei 3-årig rullering mtp. tidspkt.
Dato: 25. desember 2019
Tid: 12:00
Stad: Skjold kyrkje
Høgtidsgudsteneste 1. juledag. Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet
Dato: 27. desember 2019
Tid: 16:00 (sjå plakat)
Stad: Vikebygd bedehus
Tradisjonell juletrefest for alle – på bedehuset. (sjå plakat)
Velkommen til å gå inn i det nye året i Kveldsgudstjeneste i Vats kyrkje. Takkoffer: Hyrdingen
Dato: 19. januar 2020
Tid: 11:00
Stad: Vikebygd kyrkje
Familiegudsteneste Takkoffer: Bibelselskapet
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Nye kommentarar