Klarsignal for Vossaplass-svingane
Formannskapet vedtok i møtet onsdag 31.1. samrøystes å forskottera 6,5 mill. kroner for å få oppstart på sykkel og gangsti og utbetring av vegen forbi Vossaplass-svingane i Vikebygd. Sjølv om det er kommunestyret som formelt skal endeleg godkjenna forskotteringa, var formannskapet samstemde i at Statens Vegvesen kan få starta opp arbeidet alt på fredag.
Total kostnad er på 11 millionar i prosjektet som er eit spleiselag mellom fleire partar.
Høgspentleidning
Haugaland Kraft AS skal føra fram ny høgspentleidning frå Vikebygd til Trovåg og har trong for å få arbeida utført snart.
Vatn og avlaup
Kommunen ynskjer å redusera sårbarheit i vassleidningsnettet til Vikebygd Vassverk ved å knyta saman vassleidningar for den søre delen av leidningsnettet. Dette er ei vidareføring av tiltak som Vikebygd Vassverk hadde starta før vassverket vart overtatt av Vindafjord kommune. Samarbeidsprosjektet er knytt til delen der det skal leggjast høgspentkabel. Når hovudplanen for vatn vart vedtatt hadde ikkje Vindafjord kommune overtatt Vikebygd Vassverk, og dette tiltaket er difor ikkje omtala der.
Kostnaden for VA-delen i anbodet i samarbeidsprosjektet er ca. 2,5 mill. Prosjektet gir grunnlag for at 3 eksisterande bustadhus/fritidshus kan knytast til vatn og 7 til avløp. Hovudleidningar i prosjektet gir også grunnlag for byggemodning av område regulert til bustad. Kostnadane for VA-delen av arbeidet vert dekka av investeringsmidlar for vatn og avløp.
Til saman har prosjektet ei kostnadsramme på ca. 11 mill. eks. mva. Då er grunninnløysing, prosjektering, byggeleiing og kostnader til veg, VA og kabelarbeid med.
Formannskapet sitt vedtak lyder:
Vindafjord kommune forskotterer Rogaland fylkeskommune sin del av samarbeidsprosjektet avgrensa til maksimum 6.5 mill kr. Forskoteringa skal betalast tilbake i 2019.
Finansieringa deler seg slik:
Prosjektering, grunnerverv, innhenta anbod, byggeleiing Sum: | 11.100.000 |
Trafikksikringsmidlar frå Rogaland fylke 2017 | – 1.500.000 |
Trafikksikringsmidlar frå Rogaland fylke 2018 | – 1.500.000 |
VA anlegg i anbud og del av byggeleiing mm, Vindafjord kommune |
– 2.450.000 |
Kabeldel i anbud og del av byggeleiing mm, Haugaland kraft AS | – 650.000 |
Sum Statens Vegvesen/ Rogaland fylkeskommune | 5.000.000 |
For å samordne leidningsarbeid og vegtrygging, har ein sett det som tenleg at Vindafjord kommune er byggherre. Det er laga teknisk plan der Statens vegvesen har godkjend vegdelen. Vindafjord kommune har henta inn anbod for alle tre samarbeidspartane.
Det er inngått avtale med alle grunneigerar som må gi frå seg grunn til veg og leidningsnett.
Formannskapet stod samla bak vedtaket av forskottering til dette vegprosjektet som det har vore jobba med i mange år, både av politikarar og grendautval. Ei farleg trafikkfelle på som både er skuleveg og den vegen bygdefolket går og syklar npår dei skal mellom sentrum og til den populære Skjelavika for å bada, vert nå gjort tryggare.
Nye kommentarar