Frisk gudsteneste med Jon og Arne
Søndag 21.1.
Med Jon som prest og Arne på orgelkrakken kan ein ikkje anna enn å forventa ei flott gudsteneste. Både med dåp og utdeling av biblar til femteklassingane. Jon måtte ha hjelp av 5 trauste mannfolk til å halda heile bibelhistoria si tidslinje. Der peika han på alle dei plasser som vatn er sentralt i bibelforteljingane. Noko som høvde godt med dåpen.
Det var godt å syngja i kyrkja denne søndagen, og mange røyster stemde i. Musikalsk toppa det seg i avslutninga då Arne Tveit som postludium drog i gang: «Serenade, opus 22c». Opprinneleg komponert av engelskmannen Derek Bourgeois for orgel, som bryllupsgave til kona hans. Den går i 11/8 dels takt (med variasjonar innom 13/8 og 7/8), noko som i utgangspunktet høyres umogeleg ut, men som Arne gjennomførte på ein utruleg bra måte. -Eg måtte telja takten nøye til 11, kommenterte han etterpå.
Eg har ikkje opptak frå kyrkja, men for dei som lurer på kva dette er for noko, så lytt til ein variant utført av blåserorkester: http://www.gmbrand.co.uk/mp3/10062.mp3
Og for å sitere Jon Ådnøy sin kommentar etter postludiet:
– Eg er glad det ikkje var dans i kyrkja i dag, for då hadde vi fått litt problem med å stokka føtene. Så vart også gudstenesta og postludiet avslutta med applaus frå kyrkjebenkene før eit bord med kaffi, saft og kaker vart plassert i midtgangen. Det var tid for kyrkjekaffi. Ei moderne form for å samlast på kyrkjebakken etter gudstenesta. Her kunne ein treffa bygdefolk og kanskje også fretta nytt frå bygda.
Komponisten Derek Bourgeois
Derek Bourgeois vart fødd i Dulwich og studerte studerte musikk i Cambridge. Etter dette foreleste han i musikk på Bristol University i nokre år før han vart direktør for National Youth Orchestra. Musikkstykket, Serenade, var sett saman som eit orgelstykke eller brudemarsj til hans eige bryllup. Marssjargongen svingar i karibisk stil og den har seinare blitt veldig populær i eit arrangement for brass band.
11/8 skaper utfordringar i takten. For kvart 11. slag så vil mange tenke at det her skulle vore eit taktslag til. Ein kan fundera på om denne brudemarsjen var skapt spesielt for å underhalde komponisten si musikalske brud då ho gjekk opp midtgangen, eller for å forvirre Bourgeois sin studieleiar, som var til stades i kyrkja under bryllupet, står i ein omtale av musikken.
Nye kommentarar