Roald Årvik fekk kulturprisen for stimerkinga
På ordføraren si nyttårsmarkering i Skjold Arena 7. januar, vart roald Årvik frå Vikebygd, tildelt kulturprisen for 2017 for arbeidet med merking av turstiar.
Kjartan Innbjo, utvalsleiar i Vindafjord kommune, grunngav prisen slik:
– Roald Årvik fekk Vindafjord kommune sin kulturpris for ein utrettelig innsats for å merka stiane i Vikefjella. Han går fleire turar i veka, oppsett med øks, saks og nye merkepinnar som han har laga sjølv. Siste ladning var på 300 pinner. Desse er hogde, spikka, runda i toppen, før dei vart raudmåla. Han her merka milevis med stiar i fjellet, og han held stiar opne, medan han merkar opp kjende stiar med nye merke. Han rydder også fram gamle, attgrodde stiar. Ein av dei er stien opp Glommeskar til Dyraskorfjellet, sommer ein del av «Ut på tur i Vindafjord», i 2017.
– På eige initiativ legg han ned timesvis med dugnadsinnsats og gjer ein enorm innsats for Vindafjordingar og andre på tur, slik at dei skal finna vegen i fjellet. Folk flest veit ikkja at opmerkinga er arbeid frå ein mann og ikkje Turistforeininga eller lag og foreiningar. Dette står det enorm respekt av. Vindafjord kommune er stolta av innsatsen og håpar at han vil fortsetja det gode arbeidet for friluftslivet i vår kommune.
– Gratulerer!
Det vart også delt ut Byggeskikkprisen til Helge Søndenå, Næringsprisen til Granberg Garveri, Omsorgsprisen til NFU sitt lokallag (norsk forbund for utviklingshemmede, og pris til Daniel Holten for NM seieren i rallycross.
Fleire unge musikkarar imponerte. Vegard Skartland med Vamp sin song: Nåken gode ting og Tom Roger Aadland sin: Vestlandet.
Imsland var også godt representert med unge og dyktige musikkarar i gruppa FYK. Dei imponerte med musikalsk dyktighet og også sjølvskrevne songar.
Om det var ordføraren si nyttårsmarkering som han leia som konferansier, så var det likevel andre som stor for talane. Rådmann Kristian Birkeland hadde ein interessant og god gjennomgang av dei siste 10 åra, bassert på artiklar og foto som hadde vore på trykk i Grannar.
Etterpå var det Steinar Ålvik frå Etne sin tur til eit kåseri der han drog fram opplevingar frå frå sine turar til alle bygdene i Vindafjord, frå ungdommen og opp til i dag.
Det vekte mange latterbrøl og det vanka ikkje så lite skryt heller frå han til det han hadde opplevd i Vindafjord bygdene.
Etter talane vart det tid til ein pause med kaker, kaffi og godprat. Mange kunne ynskja kvarandre Godt nytt år, og ga begge talarane ros for sin presentasjon av historia og bygdane.
Ein kommune som går godt, var rådmannen sin konklusjon.
Nye kommentarar