Klarvêr, kaldt og liv på fuglebrettet
Gradestokken er nede på -6 °C og over oss ein lyseblå vinterhimmel. Ved fuglebrettet er det liv. Eit nøtteskrike-par har også funne vegen hit og plukkar opp maten kjøttmeisene mister ned frå brettet.
Kjøttmeisa (Parus major) er lite sky overfor menneska og er ein vanleg gjest på fuglebrett i heile Norge, står det i leksikonet. Dei er intelligente og sosiale fuglar som lever i meiseflokkar og lærer av kvarandre. Kjøttmeisa er truleg den fuglen det er forska mest på, og er den største av meisefuglane.
Nøtteskrika (Garrulus glandarius) hoppar rundt på bakken og plukkar opp maten som kjøttmeisene mister ned når dei med sine raske rørsler nappar i seg solsikkefrø, havre, bygg og durra.
Kjøttmeisene skiftar raskt mellom å vera ein del av dei som forsyner seg av matfatet og dei som set i buskane rundt omkring og passar på. Sjekkar at det ikkje er kattar på ferde. Men det er forbi den tida at gamlekatten bryr seg med å jakta på småfuglar ved fuglebrettet. Pensjonisten likar seg helst i senga si. I alle fall inntil vi har fyrt opp i omnen og han kan siga inn og ramla ned som eit vrak framfor omnen. Hovudet på keramikkflisene innunder omnen. Me fryktar at det skal koke i hjernen på han, men han nyt tilværet. Ein god pels varmar i kulden ute og vernar mot varmestrålinga frå vedomnen.
Småfuglane har ikkje like god pels som den lodne, gamle hannkatten. Dei treng nok næring for å halda seg like friske og raske gjennom vinterkulden, dei som ikkje er trekkfuglar, men held seg her hos oss gjennom vinteren. Kanskje kjem dompappen også snart? Om vinteren et den mest frø, knoppar og bær. Men på fuglebrettet set han ekstra pris på solsikkefrø.
Nøtteskrike, Garrulus glandarius, ein relativt liten kråkefugl. Stor som ei due med lengde på ca. 35 cm og vekt på rundt 170 gram. Nøtteskrika er den vakraste av våre kråkefuglar med si fargerike, raudbrune fjørdrakt. Lyseblådt felt på venjeknoken og i tillegg litt kvitt og svart. (Kjelde: Store norske leksikon)
Nye kommentarar