Tenning av julegata i «Naustvika»
Vikebygd er kanskje ikkje som andre bygder. Me har mange grender og å tenne lys i julegata må til, sjølv om den meir korrekt er innkøyringa til Gunn og Ola i Naustvika. Korpsmusikk, nisse, utlodding og kaker var naturleg når Gunn også i år inviterte bygdefolket heim til seg.
Inne i den doble garasjen var det sett opp bord og korpset stilte opp med julemusikk. Klokka passerte 18 med heile 10 minutt, då det endeleg kom ein bil med siste delen av korpset. – Det var ikkje eg som ikkje fann munnstykket, kommenterte siste mann som durte inn i garasjen med sin musikalske familie og fekk fram instrumentet sitt.
Men den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.
Og det var mange som venta. Dei kom ikkje berre frå nabolaget, men frå sør og nord i heile bygda. Dette villa mange ha med seg. Mens dei venta vart det delt ut gratis lodd. Me lurte litt på om det var skia på veggen eller oljeflaskene i hylla på bakveggen som skulle loddast ut. Men Ola trong ikkje frykta for utstyret sitt i garasjen.
Så var dei klare. Korpset trur me er det beste i mils omkrins. Og det er få som slår dei i hodeplagg. Etter to nummer tok korpset ein pause. Det var tid for nedtelling. 10 -9 -8 … ropte både korps og gjester i kor. På 0 var straumen slått på. Lys-rekkjene gjekk på kryss og tvers over innkøyringa.
Etter meir musikk så vart det trekking av lodda. Gevinstar frå GunnSmak sin produksjon fekk bein å gå på. Deretter vart dørene opna til hagestova som er litt av eit handverk i seg sjølv. Tydelig at det er ein erfaren snekker i huset.
Inne var det julestemning med nissar, julesokkar, julenek og pynt, men også mest eit lite museum med gamle ting som er samla og plassert langs veggene. Imponerande.
Her inne var det kakao og kaker i lange banar og så pass mykje folk at det vart ein lang kø inn til døra med naboar som venta på å få smaka den gode maten.
Det var ei flott feiring som Gunn og Ola stod for. Me som fekk koma sette stor pris på dette initiativet. Tusen takk Gunn og Ola.
Nye kommentarar