

by Steinar Skartland · 24. november 2017
Venstre og KrF har fått til ei språkpolitisk satsing for nynorsken i forhandlingane om nytt statsbudsjett med regjeringa., skriv Noregs Mållag i ei pressemelding.
– Noregs Mållag er veldig glade for dei auka løyvingane til både oss, Det Norske Samlaget og mange andre gode tiltak. Det viktigaste er likevel at løyvinga til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er på plass, og sikrar gode nynorsktiltak for barn og unge, som Framtida, Framtida junior og Pirion, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.
Takkar KrF og Venstre spesielt
Magne Aasbrenn vil spesielt peika på Terje Breivik i Venstre og Tore Storehaug i KrF:
– Nynorskbrukarane har mange vener på Stortinget. Dette er to av dei viktigaste. Dei veit å prioritere nynorskspørsmål også når ein må prioritere hardt.
Tore Storehaug (KrF) er glad for å sikra eit løft for nynorsken. Foto: Privat
LNK får ei påplussing på 1,2 millionar, Noregs Mållag får 1,1 million ekstra, Vinje-senteret får 1,6 millionar, produksjonstilskotet til aviser aukar med 5 millionar, Hordaland Teater får 1 million ekstra og Det Norske Samlaget får ei løyving som ligg éin million over regjeringas opphavlege utkast.
Konfirmasjonsgudsteneste i Vikebygd
Flaggheising v/speidarane i parken: 09:45
Gudsteneste i kyrkja kl. 10:00
Tale og kransenedlegging ved minnestøtta 10:50
Folketog frå kyrkja til bygdahuset kl. 11:00
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar