Visitas med domprost Anne Lise Ådnøy i Vikebygd, Skjold og Vats
Dei hadde førebudd seg på at den nye biskopen, Ivar Braut, skulle koma og få gjera seg kjend med kyrkjene og kyrkjelydane i Skjold, Vikebygd og Vats. Grunna sjukemelding vart visitasen gjennomført med biskopen sin faste vikar, Anne LIse Ådnøy. Ho er til vanleg domprost i Stavanger .
Saman med fungerande biskop deltok prost i Haugaland prosti, Rune Steensnæs Engedal og avdelingsleiar kyrkjelydsutvikling, Geir Skårland. Der dei reiste rundt var også sokneprest Jon Ådnøy og kyrkjeverje Inghart Lasse Tveit med i fylgjet. Biskopen skal sjå om kyrkjene og kyrkjegardane i dei tre bygdene. Det var ei hektisk veke med mange innslag som var godt førebudde lokalt av sokneråd, kyrkjeverje og sokneprest. På programmet stod møte med tilsette og sokneråd, kyrkjeleg fellesråd og kommuneleiinga. Onsdag 15.11. møtte ordførar, varaordførar og fung. rådmann på rådhuset i Vindafjord kommune. Dei besøkte også Tveit rekneskap og sjukeheimen i Vats.
Onsdag kveld var det laga til ei flott medarbeidarsamling i Skjold kyrkje. Her var frivillige medarbeidarar i kristen arbeid og foreningar inviterte. Torsdag vart det bygdakveld i Skjold med underhaldning og lokal kultur. Søndag 19.11. blir det ei felles visitasgudsteneste for alle tre sokna, i Skjold kyrkje, med kyrkjekaffi og biskopen si oppsummering av visitasen til slutt.
Den er open for alle som vil delta.
Nye kommentarar