Direktesending fra Plassabakeriet
Torsdag 20.juli: Radio 102 sommarshow
Då Radio 102 starta sommarshowet, direkte sendt frå Plassabakeriet i Vikebygd, var detfullt hus og eit strålande sommarvêr. Mange familiar, born og ungdom stilte opp. Dei unge gjestene hadde som mål å sikra seg flaskepost med mulig premie. Radio 102 reporterane hadde med seg ein full sekk som gjekk på sjøen og borna stupte etter. Nokre klarte å få kloa i både 2 og 3 flasker. Inni var det eit skriv med loddnummer på og liste over gevinstar dei kunne vinne, om dei var heldige.
Alle med eit slik flaskepostlodd kunne registrera nummeret sitt og bli med i trekninga om ein båt til verdi kr 30.000,-.
Etter dette stuntet var det nok mange av dei unge som rusla heimover. Andre gjekk til teltet for å få seg komle-middag, eller for å stille seg i kø ved bakeriet for å kjøpa nysteikte snurringar. Bjørn hadde fyrt denne natta og, slik at bolledeigane kunne bli klar. Mest var det for å ha desse klar til meisterskapen i bolleeting. Men mange fekk også kjøpa med seg heim, sjølv om det berre var ein deig denne dagen. Bjørn kunne ynskja velkommen tilbake laurdag, då blir det stor steiking igjen.
Ute var temperaturen 25 grader i lufta. Kor varmt det var inne i bakeriet var ikkje oppgitt, men Bjørn var nok den som sveitta mest der han heldt på med baking og steiking av snurringar.
Margareth kom på direkten i starten av sendinga og fekk dela god reklame for både bygda og Plassabakeriet, der ho var innom både historia til bygningane, og korleis det er å driva sommarskafe i Vikebygd med rikesleg av hyttefolk og båtturistar i tillegg til bygdefolket. Reporterane Thor Magnar Thorsen og Helge Houeland frå Radio 102 var interessert i kven det var som var gjester – om det var mest hyttefolk, og kva som skulle til for å bli godt integrert i bygda. Og rett nok. Feriegjester er nok i fleirtal denne dagen også, men ein del fastbuande i bygda og nabobygdene la turen til komlemiddag og underhaldning på Plasssabakeriet. Lytt til intervjuet her
Tom Roger & Eirik live
102 sommarshowet hadde også levande musikk under sendinga. Det stod Tom Roger Aadland for i lag med eldste sonen, Eirik Ørevik Aadland. Saman vart det både eigen komponert «Sommaren uten ende» og Bob Dylon låt på nynorsk (Nett som ei kvinne).
Lytt til musikken her
Ein annan som måtte på lufta var Gunn Vikingstad. Radio 102 hadde merka seg kvinna frå Karmøy som hadde overteke Joker butikken. Gunn meinte sjølv at ho var ein person som lett kunne endra seg og tilpasse seg noko nytt og hadde tru på framtida for landhandelen i bygda. Ikkje minst har ho framleis mange idear og tanker i hovudet som ho ser for seg å utvikle, men butikkdrifta vil ho halda fram med til pensjonsalderen kjem.
Lytt til intervjuet her
Nede i sjøkanten har det vakse opp eit sjøhus, kopi av det som stod her til utpå 50-talet då det gamle vart øydelagd av ein storm som tok den øvste etasjen. Det nye, som er i same stil som det opphavlege skal husa utleige-leiligheit, fortel Bjørn. Kanskje blir det aktuelt også til utleige for kurs og møter. Med soverom på toppen kan det bli flott å vakna opp til utsikt utover Vikevika og fjorden. Opphaldsrom i andre høgda og toalett mm i første høgda. Ute ser det ferdig ut, men inne står mykje arbeid att. Ein god fagmann er hyrt inn for å få kvalitet på byggverket.
Nye kommentarar