Side 26, del 1
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  26, del 1

Stykke til 100-års jubiléet

Av Magnus Sørhus. (Desember. 99)


Vikestølsveteranane Magnus Sørhus og Karl Johan Granberg på veg til Vikestølen.

Turen til Vikestølen.

Karl Granberg ringde før jul og minte om at me måtte gå i gang alt nå å førebu jubiléet, og samla mest mogeleg om fortida til Vikestølsmøta.  Me høyrde om dei i barne- og ungdomsår - Og eg gjekk til Vikestølen fleire gonger i min ungdom. Det var ein fin tur i fint ver, og det var ikkje så få som gjekk frå Vats heller då.

Me nytta sykkel herifrå opp til Lundegård, og gjekk så opp til Årlia og derifrå nordover mot Vikestølen. Det var då nokså vegsynt av kreturvegar langs myrkantane.  Komne fram til Vikestølen var det i godversdagar samla nokså mykje folk. Men den tida var ein heilt avhengig av veret. Ein godvers dag - då var det greitt.  Då var det berre å ta i veg og ta turen. - og var det riktig ruskever, då var det liksom ein avtale at det blei utsett til neste sundag og ein håpa på betre ver då. Men verre var det når veret var så halvvegs. Ein visste då nesten ikkje med seg sjølv kva ein skulle gjera.

Vikestølens vordende telt.

Det var i si tid teke opp kollekt til "Vikestølens vordende telt," som det stod i bankboka frå Haugesunds Sparebank. Dette med tanken på å gardera seg mot ruskeveret då Vikestølsmøta var bestemte. Men det ville nok vorte noko bask og bal med dette teltet og - Å få det med seg opp og ned frå stølen - Setja det opp, og ta det ned - Sitjeplassar - ståplassar, - og å få hengt det opp ein kvan staden til turk etterpå. Så dette var nærast "eit håplaust foretagende." Men dette syner då kor dei sette pris på desse møta dei gamle - med di dei ville gjera det dei kunne for møta sin del. -Men det vart ikkje noko med desse teltplanane.

Dei gamle stølshusa.

I den første tida for Vikestølsmøta var der nok
stølshus og stølsdrift der, så møta hadde då stølshusa å ta til som eit ”krypinn,” vil ein tru. Berre så for gale at desse stølshusa nå er borte. Det ville vore mykje av verdi å hatt dei ståande der nå. Det var visstnok tilbod til eigarane i si tid, frå styret for Vikestølsmøtene, å støtta til med vedlikehaldet, men det vart vistnok ikkje semja om det. Og difor gjekk det vel der som så mange andre stader elles med forfall av bygningane. Så i dag står berre murane att, og dei talar sitt stille og vemodige språk om farne tider som ikkje kjem att.

Framhald side 26-2  (klikk her)