Side 15
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  15 -
Del 1

Seterliv på Vikestølen kring 1910
Av Helga Nagel Alne

Ein tidleg junidagsmorgon kring 1910, steig det blå, fin røyk opp frå Vikestølsbua.

Det var seterliv der oppe den gongen.

Budeia, Talette Helene Alne, Lena Akslå som ho vart kalla i dagleg tale, hadde teke på seg å støla for skipsredar Thorsen denne sumaren.

Det var ho som var stått opp for å koka seg kaffi, før ho byrja på ein ny lang dag, som teikna til å verta fin.

Røyken steig rett til ver, og det tydde gleda. Den første såerla fekk ho sjå ut på steinhella i dag, frå sida, og det tydde og gleda. Men dersom ho hadde sett erla framanfrå, i bringa, varsla det sorg i året som kom. Heldigvis, tenkte ho, at det var frå sida. Gauken gol så vent sør i Plommeliå, og dette var teikn på eit godt kornår. Høyrde du gauken i nord for første gong om våren, var det någauk, som varsla død. Gol den derimot i vest, var det viljargauk, ein fekk viljen sin. Austgauk var giljargauk, då fekk ein det gildt.


Frå venstre:  Karoline Alne, Salomon Alne, Lena Alne, Simon Simonsen (Træ), 
Torvald Alne (Vedlene) og Ola Veastad.
(Biletet er teke av Salomon Alne.  Original utlånt av Helge Nagel Alne, Vikebygd.)

Så ho var lett i hugen der ho sat, med sterk kaffi, sjølv-laga smør og kaker, og ei god fløytekolle att.

Når ho var ferdig med matstellet, var det å koma seg i stølsfjosen, der kyrne stod og venta på å verta mjølka, for så å kome seg ut på beite. Sola stod høgt over Vikedalen, så ho trong å bryta opp frå draumane sine. Ho tok plagget og sekkebreidda ned frå knaggen i stølsbusvala, knytte plagget under haka og feste breidda kring hoftene. Steig så i treskorne, tok mjølkebøtta i neven og rusla over stølsvollen. Til fjose, der Dagros, Plomrei, Nettrei og nokre til stod og venta henne. Dagros reiste seg idet ho gjekk over vollen, og der kom klåre tonar frå ei messingbjølle som blanda seg med fuglesongen. Ho hekta kroken frå hempa og opna døra, og helsa kyrne med nokre rolege ord. Så tok ho reka og måkte, fann fram mjølkekrakken, og sette seg til å mjølke så det skraua i bøtta.

  

Og så sang ho:

Kossa, kossa dagros mi  
Du må gje meg mjølka di.

Den skal bli til ost og smør
Så eg får meg heimatt bør.

Fløyten skal i kinna gå,
Og av den me då skal få.

Den til smør og saup skal bli
Smøret skal bli barnesti

Saupen drikk eg opp i kveld,
Høgt der opp i Gubørfjell.

Songen tagna, og kyrne vert sleppte ut til villkløver og anna godtfjellgras. Mjølka vert silt og tømd i strompen, og når den var full,vart resten teke inn i bua og tømd i trekar og sett til fløytekoller.

Framhald neste side - klikk her (s. 15-2)