Side 8
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  8 -

Haugesunds Avis 10. Juli 1950:

Jubileumsmøtet for Vikestølsmøtet 1950 sers vellukka

Sigurd Møllerhaug vald til ny formann etter Hans K. Dommersnes.
Spørsmålet om å kjøpa telt til bruk vert teke opp.

Vikestølsmøtet vart skipa i går med bra tilslutning frå fleire bygder. Best var frammøtet frå Bjoa og Vik. Det var særleg ungdomen som hadde funne vegen fram, men det var og folk med dei grå hår. Møtet var det 51. i rekkja og innleiinga til ein ny sekel i Vikestølsmøtet.

Hans K. Dommersnes, som no har leida møta i 25 år, helsa alle vel møtt. Han fortalde so om pionerane frå møtet. Det var trongen etter venesamfund som dreiv desse åndsbrør til å koma på Vikefjellet til song og bøn og vitnemål. Det var brørne Espeland frå Ølen, Osmund, Lars, Sjur og Torbjørn, Lars Eikås, Bjoa, Lars Strand, Skjold, Ivar Bjordal og Vierstad og Dommersnes frå Vik, Per Landa frå Vats og fleire. Dei skal no ha takk og ære for at dei tok til med møta i året 1900. Smed Strømme frå Ølen hadde dikta ein prolog til 50 års dagen. Denne vart lesen av forfattaren og vart vel motteken. Klokkar Johnsen frå Vik talte so over tekst frå dagen. Det var ei alvorstund for unge og eldre der dei sat på bakken i Guds store kyrkja.

Ølen Songkor, under leiding av Leif Austreim, song sers vakkert.

Etter at Sigve Espeland hadde hatt ordet, vart det so teke ein time kvild og kaffikjelen og mjølkeflaska gjorde god teneste for dei som var framsynte nok til å ta dei med.

 

Siste møte vart opna med korsong av Ølen songkor. Smed Strømme opna, S. Hove talte deretter. Sidan var det fleire frie vitnemål med innlegg av mange. Det var Sigve Espeland, Ølen Henrik Bjordal, Vats, Peder Velde, Vats, misjonselev Sørhus, Vats, Leif Austreim sa nokre minneord om flagget og fedrelandet. So song med ”Gud signe vårt dyre fedreland.”

Hans K. Dommersnes, som er 69 år, har styrt Vikestølsmøtene i 25 år. Han sa no ifrå seg attval. Til ny formann vart vald Sigurd Møllerhaug, Vik. I styret elles:Sigve Espeland, Ølen, Laurits Svalland, Bjoa, Sigve Eikeland, Vats, og S. Hove, Skjold.

På styremøtet etterpå vart det vedteke å ta opp spørsmålet om å kjøpa telt til bruk om det skulle koma regn under møta.

Hans K. Dommersnes fortente takk og lovord for truskap og interesse i arbeidet for møtet i alle desse åra. Måtte so den nye slekt gå i fotefaret til dei gamle og søkja djupare inn i ordet til eit sannare og rikare Guds liv. Gud signe møta i framtida.

S. Hove