Side 22
Register

Til framsida

  1. Forord a: Skartland
    Forord b: Granberg
  2. Styret
  3. Dikt:
    Vikestølsmøtet
  4. Formenn
    gjennom tidene
  5. Prolog til
    100-års jubileet
  6. Opningssongen
  7. Prolog til
    50-års jubileet
  8. Jubileumsmøtet 1950
  9. Helsing frå sokneprest Nedrelid
  10. Vikestølsmøtet 1900
    og 1975
  11. Veteranane
  12. Avtalen med idrettslaget
  13. Møtestad i 100 år
  14. Stemnestad for kristne venemøte
  15. Seterliv på stølen
  16. Dei 70 første åra
  17. Ein gong støl
    - alltid turmål
  18. Helsing frå sokneprest Wathne
  19. Vikestølsmøtet 1990
  20. Talararne
  21. Vikestølsstemne 1966
  22. Vikestølshytta ferdig 1969
  23. Songen og verdet han har
  24. Vikestølsmøtet
  25. 80-års jubileet
  26. 100 års jubileet

-  22 -

Positivt i Bjoa og Vikebygd
Vikestølshytta ferdig til sumaren!

(Avisutklipp frå Mars 1969)


Laurdagskvelden var det samla ein god del interesserte, frå Bjoa og Vikebygd på Bjoa skule til fest til inntekt for Vikestølshytta.

Formannen i Bjoa idrettslag ynskte velkomne og gav ordet til Endre Heggen, som heldt eit kåseri over idrettens byrjing og dens utvikling. Han starta med glimt over den måten idretten vert utøvd i det gamle Grekenland og skisserte opp korleis den hadde utvikla seg til slik me ser den utført i dag.

Sigmund Tveit, medlem av byggjekomiteen for Vikestølshytta, gav ei utgreiing over det arbeid som alt var utført: ”kor langt ein var komen og korleis den økonomiske stoda var.

Johannes Ove, kom med ei stor overrasking, då han kunne overrekka ein sjekk på kr.800 som skulle brukast til inventar i hytta. Pengene var overskot frå 17.mai- festar i Vikebygd frå 1964 og 1966.

At folk i desse bygdene er interesserte i å få vera med på å realisert planane om hytte på Vikestølen, gav dei tydleg til kjenne ved alle dei gåvene som var innkomne til utloddingane.Det er å vona at det økonomiske resultat vart godt, slik at planane om å få reist hytta til sumaren kan realiserast.