Vil styrka bygdene gjennom nytt prosjekt
Gjennom satsinga Gode VIBar skal arbeidsgrupper frå Vikebygd, Imsland og Bjoa jobba fram nye prosjekt som kan fremja bygdene for nye innbyggjarar, ny næring og som reisemål.
I mai deltok grendeutvala i Bjoa, Imsland og Vikebygd på ideverkstad for idear som kan auka bulyst, skaparlyst og besøkslyst i dei tre bygdene. Ideane frå verkstaden er utgangspunktet når arbeidsgrupper nå skal gira opp attraktivitetssatsinga si gjennom Gode VIBar (VIB = Vikebygd, Imsland og Bjoa). Ei ressursgruppe med utvalde representantar frå dei tre grendene, Vindafjord kommune og Rogaland fylkeskommune har etter sommarferien jobba med innspela etter ideverkstaden, og har byrja arbeidet med å konkretisere realistiske og gjennomførbare prosjekt.
Idé-verkstad
Gruppa sitt hovudmål er å auka innflyttarar i dei tre bygdene, primært i aldersgruppa 0-45 år. Dette vil ein oppnå gjennom konkrete innovasjonsprosjekt knytt til bustader, næringsutvikling og reiseliv. Arbeidet med å velje ut konkrete prosjekt blir nå tatt vidare av tre ressursgrupper og ei styrings-gruppe. Grendeutvala har blitt oppfordra til å finne to ressurspersonar frå kvar bygd til dei tre gruppene, som vil bli blanda med personar frå dei ulike grendene.
– For å lykkast med stadutvikling og målet om fleire innbyggarar er det avgjerande å arbeide saman. Det er viktig å ha eit eigarforhold til staden og det er avgjerande å ha med lokalt næringsliv. Gode VIBar starta bra frå starten av ved å sjå fordelen av å løfte i lag om felles utfordringar, seier kommunalsjef i Vindafjord, Anne Sofie Sandvik.
Gode VIBar er eit underprosjekt av Vakre Vindafjord, attraktivitetsprosjektet som sidan 2018 har jobba for meir systematisk marknadsføring av kommunen som eit attraktivt bualternativ. Fleire aktivitetar er gjennomført sidan 2018, og Gode VIBar er nyaste satsinga. I samband med vidareføringa blei kommunen invitert med i den såkalla Rogalandsmodellen, eit verktøy nytta for stads- og næringsutvikling som fram til 2023 blir gjennomført i fleire distriktskommunar i Rogaland.
– Gjennom Rogalandsmodellen skal me identifisera konkrete stads- og næringsutviklingsprosjekt som byggjer på spisskompetansen og fortrinna kommunen har, og korleis me kan bruka ressursane til å skapa nye tilbod. Nytenking er viktig for å nå målet, samstundes som ein skal styrka eksisterande aktivitet. Det vil også bli sett fokus på aktivitet som vil gjelde heile kommunen. Vindafjord har eit innovativt og spanande næringsliv som vil vera attraktivt for framtidige busette, seier prosjektleiar Heidi Skifjell i Rogaland Fylkeskommune.
Rogalandsmodellen vil vera eit viktig verktøy i arbeidet for auka folketal i Vindafjord, meiner Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Anne Sofie Sandvik.
– Rogalandsmodellen skal løysa konkrete utfordringar gjennom eit samarbeid med interne og eksterne ressursar. Fylkeskommunen si rolle er blant anna å hjelpa til med å skaffe den rette kompetansen som saman med lokale krefter kan løfte prosjekta, samt gje råd om økonomiske verkemiddel som kan knytast til aktivitetane. Rogalandsmodellen skapar engasjement og sikrar samarbeid mellom regionalt og lokalt nivå, lokalt næringsliv, grendeutval og engasjerte enkeltpersonar. Rogalandsmodellen skal sikre gjennomføring av spennande innovasjonsprosjekt og då blir det veldig kjekt å jobbe. Engasjementet i gruppa er stort og eg har stor tru på prosjektet Gode VIbar i Vindafjord og Rogalandsmodellen som metodikk for fleire prosjekt i kommunen. Det er også viktig og kjekt at me har med Fikse næringsforening og Medvind24 Næringshage i dette arbeidet. Dei er viktige med tanke på lokale verkemiddel, kjennskapen til lokalt næringsliv og fordelen av kontinuitet frå næringslivet inn i fleire slike prosjekt framover.
Gruppe: «Besøk»
Sverre Andersen
e-post: Sverre.anders@gmail.com
Tlf.: 476 37 638
«Bolyst-bustadgruppa»
Gunn Vikingstad
e-post: post@gunnsmak.no
Tlf.: 488 91 754
og
Gruppe: «Næring»
John-Steinar Pedersen
Multivedlikehold AS
e-post: john-steinar@multivedlikehold.no
Tlf.: 909 41 939
og
Kjell Erik Gangstø
Gangstø Transport AS
e-post: kjell@gangstotransport.no
Tlf.: 908 57 546
Nye kommentarar