

by Stein Andor Sundve · 4. januar 2020
Vikebygd Grendeutval (VGU) har igjen fått ansvaret for å fordela SØK-midlar til beste for bygda. For 2019 blei Vikebygd tildelt kr 90.000,-.
Det er no mogeleg å senda søknad til: post@vikebygd.no
Søknadsfristen er sett til 15.03.2020
Sjå meir info her: www.vikebygd.no
Skånevik Ølen Kraftlag AS har inngått partnarskap med bygde- og grendelag i konsesjonsområdet gjennom å tilføra årlege tilskot til desse laga. Difor kan du nå søkja om midlar til prosjekt, aktivitetar eller arrangement i lokalmiljøet i og rundt Vikebygd, som er til felles glede og nytte for flest mogeleg av bygda sine innbyggjarar.
Midlane skal gjennom økonomisk støtte leggja til rette for god aktivitet innan:
Vikebygd Grendeutval har i tillegg laga nokre eigne kriterier i forbindelse med tildeling av midlar. Desse finn du her ->
Korleis søkja om pengar?
Søknaden må innehalda ei enkel prosjektskildring og kronebeløpet det vert søkt om. I større prosjekt må det visast til eit budsjett, ein plan og namn/kontaktinfo til prosjektansvarleg.
Søknadsfristen er sett til 15.03.2020 og tildeling skjer normalt fortløpande gjennom året så langt pengene strekk til.
Søknad skal sendast til Vikebygd Grendautval via e-post: post@vikebygd.no
Sjå elles pkt. 7 i kriteria.
Det er ingen komande hendingar
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar