

by Rolf Julsrud · 20. november 2017
Været spela ikkje akkurat på lag, men det hindra ikkje 16-17 mann frå å møte opp til dugnad i båthamna lørdag 18.11. På agendaen stod det forskjellig arbeid. Høgst på lista var ønskje om å ferdigstille den nye flytebrygga langs moloen.
For at dette skulle skje måtte det monterast nye stag både på land og i flytebrygga. All slags verktøy måtte til for å binde dette saman og arbeidsstillingane var ikkje akkurat optimale. Sjølv om alle klarte å halde seg på land betød ikkje det nødvendigvis at ein var tørr for det.
Det blei trekt kabel og støypt fester til dei siste gatelyktene, ny armartur montert og alt klartgjort for nye LED pærer i eit forsøk på å halde strømforbruket nede. Nå skal støypen tørke nokre dager før mastene vert sette på plass og kopla til. Grus blei fylt i hol og raking av lauv for å pynte uteområda blei også gjort.
Varm lunsj med både pølser, hamburger, brus og kaffi sørga for auka blodsukker og ny arbeidsgiv.
Takk til alle oppmøtte!
Konfirmasjonsgudsteneste i Vikebygd
Flaggheising v/speidarane i parken: 09:45
Gudsteneste i kyrkja kl. 10:00
Tale og kransenedlegging ved minnestøtta 10:50
Folketog frå kyrkja til bygdahuset kl. 11:00
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar