


by Rolf Julsrud · 5. november 2018
Vikebygd Amatørteater – kva skjer?
Haustmørkret fell på og kveldane blir kaldare og kaldare. Til tider er det ganske kaldt på Bygdahuset òg, men innimellom, og spesielt på måndagskveldane, er det full aktivitet her. Kva skjer? – Jo, Vikebygd amatørteater jobbar med sin ungdomsproduksjon og teaterstykket: Askepott og Prins Leonardo av Capers. Ein «lokal» komedieversjon av Askepott.
Her blir det flotte kostymer, tryllestavar, audition, romanse, dramatikk, fotballspelarar og over- og underseremonimeistrar som ikkje har tid til tungekrøll.
Instruktørane Cathrine Hamre Tindeland og Tor Arild Mortveit har si fulle hyre med å losa 12 energiske ungdommar gjennom manus, og saman med resten av styret vert det rettleia og vegleia etter beste evne.
Premieren er sett til 9. februar på Bygdahuset
-og vi gru/gleder oss masse til å vise dykk stykket – så hald av datoen allereie nå!
Konfirmasjonsgudsteneste i Vikebygd
Flaggheising v/speidarane i parken: 09:45
Gudsteneste i kyrkja kl. 10:00
Tale og kransenedlegging ved minnestøtta 10:50
Folketog frå kyrkja til bygdahuset kl. 11:00
Nyheiter frå
Noregs Mållag
Les referat frå
møte i Grendautvalet her
Vossaplass-svingane:
Arbeidet pågår utover hausten.
Les GU referatet her
Der finn du også utfyllande informasjon om sakene som Grendautvalet til ei kvar tid arbeidar med HER. Referat frå møta, samt anna relevant informasjon, kan du sjå her.
Nye kommentarar