Tildelingar frå Bakkevig-stiftinga 2021
«Thomas og Liv Bakkevig stiftelse til støtte for barne- og ungdomsabeider i Vikebygd» har hatt utdelingsmøte og delt ut nær 300.000 kroner til tiltak i Vikebygd.
Idrettslaget, speidargruppa og teaterlaget fekk høvedsvis 58.000, 35.000 og 15.000 kroner i driftstøtte. Dette er basert på medlemstal. I tillegg blei det løyvd 10.000 kroner til oppgradering av badeplass i sentrum med stupebrett og sikringsskive.
Fleire lag har hatt reduserte inntekter samtidig som dei har forpliktingar med lån og vedlikehald av hus. Styret i stiftinga har difor løyvd ekstra 120.000 til idrettslaget / Kjekt i Vik-hallen til nedbetaling av lån, og inntil 60.000 til speidargruppa til reparasjon av taklekkasje og/ eller skifte av vindauge på huset deira.
Stiftelsen blei oppretta av Thomas og Liv Bakkevig i 2012, og har høve til å dela ut rundt 300.000 kroner i året.
Nye kommentarar